Crème Brûlée

crème brûléeCréme Brûlée, som tyder brent krem, er ein herleg fransk dessert som er enkel å lage og krev få ingrediensar. Du steiker den i vassbad i steikeomnen og kandiserer litt sukker på toppen rett før servering. Har du ein steikeomn med grillelement kan du nytte det, eller du kan bruke ein brennar til samme formålet.

creme brulee

Desserten er fin å lage når du skal ha gjestar, då steiker du den dagen før og gjer alt klart. Så er det berre å kandisere sukkeret når desserten skal serverast. Det gir jo desserten det lille ekstra når den må brennast før servering, og så smaker det jo himla godt då.

dessert

Med litt friske bær ved sidan av blir det ekstra godt, som balanse til det søte. Men er det ikkje bærsesong er dette ein dessert som står seg veldig fint heilt åleine også. Her får du oppskrifta:

Oppskrift på Crème Brûlée

6 porsjonar

  • 5 dl fløyte
  • 1 vaniljestang
  • 100 g sukker
  • 6 eggeplommar
  • 4-5 ss kokossukker eller demerarasukker til topping
  1. Set omnen på 150 grader over- og undervarme.

  2. Splitt vaniljestanga, skrap ut frøa og ha begge deler i ei kasserolle saman med fløyten.
    Kok opp, ta av varmen og la avkjøle i 10-15 min.

  3. Skil egga (eggekvitene kan du til dømes nytte til pavlova).
    Visp eggeplommer og sukker saman.

  4. Hell i den varme fløyta forsiktig, litt etter litt, medan du rører.
    Sil blandinga og fordel over i seks porsjonsskåler.

  5. Set skålene i ei lita langpanne midt i omnen.
    Hell varmt vatn i langpanna, slik at det når halvvegs opp på skålene.

  6. Steik i ca 45 min, til desserten er stiv men gjerne litt dissande i midten.
    Avkjøl, og oppbevar i kjøleskap fram til servering.

  7. Rett før servering: strø ei lita spiseskei med kokossukker/demerarasukker på toppen av kvar dessert og karamelliser denne ved hjelp av ein brennar eller ved å setje formene høgt oppe under grillelementet i steikeomnen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.