Jukse-bacalao

jukse-bacalao

Mitt første møte med heimelaga Bacalao var på Lofoten Folkehøgskule for over ti år sidan -forøvrig ein folkehøgskule som anbefalast på det varmaste for dei som er så heldige å ha det framføre seg!

Alle elevane overnatta i rorbuer og vi fekk utdelt klippfisk og eit ark med oppskrift og framgongsmåte. Det kunne enkelt lagast med klargjorde råvarer.

Etterkvart har vi laga det fleire gongar -sidan eg har ein mann som er over gjennomsnittet glad i Bacalao.

Min favoritt er likevel denne kvardagsversjonen, med vanleg torsk. Enkelt og utruleg godt!

Til ca fire personar treng du:

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • ca 400 g torsk
  • 5-6 poteter
  • 1 raud paprika
  • ca 400 g hakka tomat (på boks)
  • 1-2 ss tomatpuré
  • ca 2 dl vatn
  • 15-20 svarte oliven
  • salt og peppar
  • ein neve friske urter
bacalao

Slik gjer du:

  1. Del løken, kvitløken og paprikaen i terningar.
  2. Del potetene i 1/2 cm tjukke skiver og fisken i litt store terningar.
  3. Fres løk, kvitløk og paprika i litt nøytral olje.
  4. Hell over hakka tomat, tomatpuré og litt av vatnet. Kok opp.
  5. Ha i potetskiven og la småkoke i 10-15 min til potetene er møre. Rør forsiktig.
  6. Legg fisken innimellom potetskivene, slik at det ligg litt lagvis så godt det let seg gjere. Ha i meir vatn om det trengst.
  7. La trekke (ikkje koke) i ca fem minutt til fisken er ferdig.
  8. Krydre med salt og peppar.
  9. Ha over oliven og friske urter.
  10. Set gryta rett på bordet og server med godt brød.
juksebacalao

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.