Viltgryte med reinskav

Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare i haust brukt på best tenkjeleg måte -i ei nydeleg god gryte!

finnbiffReinskav finn du i frysedisken på butikken, og det må vere den enklaste form for jakt ein kan gå på, sjøl utan jegerprøva. Reinkjøt er noko av det reinaste (seier seg nesten sjølv av namnet) kjøtet vi kan ete, av dyr som har levt og beita ute på viddene. Tradisjonsmat på det beste som er verdt å ta vare på!

reinskav
I oppskrifta kan du sjølvsagt bytte ut og tilsetje det du har i kjøleskapet/skapet, og lage din eigen vri på gryta. Har du ikkje kantarell kan du nytte anna sopp, eller skippe den heilt. Har du ikkje ripsgele kan du bruke vanleg saft i staden, og ei lita teskei sukker kan erstatte brunosten. Ei skei soyasaus smakar også godt i gryta, der er berre å smeke og teste. Lag din eigen vri på viltgryta då vel!:)Viltgryte med reinskav

Oppskrift på Viltgryte med reinskav

4-5 porsjonar / Tid: 30 min

  • 400 g reinsdyrskav
  • 125 g bacon
  • 1 stor løk
  • 2 ss smør + nøytral olje
  • 250 g kantarell (gjerne tørka)
  • 300 g poteter
  • 1/2 sellerirot
  • 3-4 gulrot
  • 4-5 dl viltkraft
  • 3 dl creme fraiche
  • 2 ss ripsgele (eller raud saft)
  • 5 skiver brunost
  • 4-5 einebær
  • salt og pepar
  • frisk timian
  • tyttebærsyltetøy
  1. Del bacon, løk, poteter, sellerirot og gulrot i terningar medan reinskavet får ligge og tine litt.

  2. Steik baconet i gryta til det blir sprøtt. Legg det så til side.

  3. Steik reinskavet i baconfettet som ligg igjen i gryta. La kjøtet bli godt bruna for god smak, men det treng ikkje vere heilt gjennomsteikt sidan det skal putre i gryta litt til slutt. Legg reinskavet til side saman med baconet.

  4. Ha litt smør og olje i gryta og la løken surre til den blir blank.

  5. Ha i resten av grønsakene og la dei surre med nokre minutt.

  6. Hell over krafta og kok opp.

  7. Rør inn creme fraiche og ha i kjøtet og soppen.

  8. La gryta småputre utan lokk i ca 20 minutt.

  9. Ha i brunost, ripsgele, knuste einebær, salt og peppar siste minutta og juster om du treng meir av noko.

  10. Server viltgryte med frisk timian på toppen og tyttebærsyltetøy.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.