Mild fiskesuppe med laks

 

fiskesuppe med laks

Laks er ein slager på dei fleste middagsbord. Enkel og velsmakande fisk som det er lett å få kjøpt både fersk og frossen. Men er du litt lei av den samme gamle måten å servere den på? Prøv denne fiskesuppa då vel! Rask og enkel å lage, og med milde smakar som passar dei fleste.

Til ca 4 personar treng du:

  • 3 gulrøtter i skiver
  • 1/2 purre i skiver/ringar
  • 1 raud paprika i bitar
  • 3 fedd kvitløk, pressa/hakka
  • 1 ss smør
  • 4 dl vatn
  • 1 fiskebuljongterning
  • 3 dl matfløte
  • 1 boks hakka tomat
  • 400-600 g laksefilet i terningar
  • salt og peppar
  • timian (eller andre urter)

laksesuppeSlik gjer du:

  1. Skjær opp grønsakene slik at alt er klart.
  2. Surr gulrøtter, purre og kvitløk i nokre minutt på middels varme med litt smør.
  3. Ha i paprikaen og hell over matfløte, vatn og hakka tomat. La det koke opp.
  4. Ha i fisken og lat den trekke til den er ferdig, det går maks fem minutt.
  5. Smak til med salt, peppar og timian.
  6. Server med fullkornpasta/ris og gjerne godt brød til.

Velbekomme:)

Oppskrifta er inspirert av “Barn i balanse” av Lindberg & Hansen-Møllerud.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.