Tortilla med kyllingnuggets

kylling nuggetsTortilla med kyllingnuggets er crispi og godt, og kan varierast slik at alle rundt bordet får sin favoritt. Eit must for min del er avokadodressing, men du kan gjerne bruke rømme om du heller vil ha det. Å knuse cornflakes og dyppe i egg er ei fin oppgåve for kidsa, så her kan heile familien gjerne vere med på matlaginga. Kanskje eit fint alternativ til fredags-tacoen? Håper det fell i smak!

chicken tortillaTil 3-4 personar treng du:

  • 2 kyllingbryst
  • 5 dl cornflakes
  • 1 egg
  • litt salt og peppar
  • 1 hjertesalat
  • 1 raud chili
  • 1 vårløk
  • 1 lime
  • 1-2 tomat
  • litt smør og olje til steiking
  • 6-8 tortillalefser

Avokadodressing:

  • 1-2 avokado
  • 1 fedd kvitløk
  • 200 ml kokosmjølk
  • safta frå 1/2 sitron
  • salt og peppar

chicken nuggetsSlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Del kyllingbrysta i bitar på ca 2 x 4 cm.
  3. Visp egget lett saman med salt og peppar i ei lita skål.
  4. Ha cornflakes i ein brødpose og knus dei med fingarne. Ha over i ei anna skål.
  5. Vend kyllingbitane først i egget og så i knust cornflakes.
  6. Legg over på ein tallerken.
  7. Varm litt olje i ei steikepanne og ha i litt smør.
  8. Steik på middels-høg varme, slik at dei blir godt bruna. Snur du dei rundt og steik på andre sida.
  9. Set steikepanna inn i omnen (eller legg over i eldfast form ) og la steike i 5-10 min, til alle kyllingbitane er gjennomsteikte.
  10. Del tomat, vårløk og chili i bitar og server i tortillalefse saman med salat, limebåtar og avokadodressing.

tortilla kylling nuggetsAvokadodressing:

  1. Del avokadoane i to, fjern steinane og skrap ut kjøttet.
  2. Mos avokadokjøttet med ein gaffel og bland i pressa (eller finhakka) kvitløk.
  3. Rør inn kokosmjølka med ein visp.
  4. Ha i salt, peppar og sitronsaft og bland godt.
kylling nuggets tortilla

TIPS: Vil du ha litt meir smak i nuggetsane dine? Då kan du gjerne blande litt reven parmesan inn i dei knuste cornflakesa saman med feks litt chili og spisskummen.

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.