Lasagne

DSC_0009Lasagne er populært både hjå små og store, og er genialt å servere når du skal ha gjestar til middag. Vi lagar alltid dobbel porsjon, og inviterar enten på middag eller legg den andre porsjonen i frysaren. Då har vi enkel middag klar i frysaren til veka etter, utan førebuing og oppvask -gull verdt i ein travel kvardag:)

Til 5-6 personar treng du:

Tomatsausen:

  • 400 g karbonadedeig
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 boksar hakka tomat
  • 2 ss tomatpuré
  • 1 ts basilikum
  • 1ts oregano
  • salt og peppar

Ostesausen:

  • 2 ss smør
  • 2 ss kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • ei klype muskat (kan sløyfast)
  • ein neve reven kvitost

I tillegg treng du:

  • 6-8 lasagneplater
  • kvitost på toppen

Slik gjer du:

Skru på omnen på 200 grader over- og undervarme.

Tomatsausen:

  1. Steik karbonadedeiga og set til side.
  2. Finhakk løk og kvitløk og steik til løken blir blank.
  3. Ha i hakka tomat og tomatpuré, spe evnt. med litt vatn dersom det blir for tørt.
  4. Ha i karbonadedeiga, krydre og la småputre medan du lagar ostesausen.

Ostesausen:

  1. Smelt smøret og rør inn kveitemjølet.
  2. Spe med mjølka litt og litt og rør kraftig slik at du får ein jamn kvit saus. Kok opp mellom kvar gong og la sausen småkoke nokre minutt slik at mjølsmaken forsvinn. Krydre med muskat, salt og peppar.
  3. Ha i ein neve ost og rør den inn.

kvit saus

kvit saus

hvit saus

Legg tomatsaus, lasagneplater og ostesaus lagvis i ei eldfastform. Avslutt med ost på toppen.

Steik i 40-45 min på 200 grader. Server med brød og salat.

lasagne

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi nye kokebok her!