![](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/02/20150209-dsc_0003-e1461317254818-1000x620.jpg)
Cake pops
![cake pops](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/02/20150209-dsc_0003-1024x680.jpg)
Cake pops høyrer vel kanskje ikkje heime på ein blogg der kvardagsmat står i fokus. Men så har det seg slik at det er kids i denne familien også, og dei vil veldig gjerne ha cake pops. Og med restar frå ei brownieskake var desse superenkle å lage og skapte mykje glede for dei små. Sjokoladekake på pinne kan jo ikkje anna enn å vere stas! Og ei sjokoladekakekule med pistasj på utsida var heller ikkje feil til kaffien.
![kakepops](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/02/20150209-dsc_0006-1024x680.jpg)
Cake pops
For omlag 16 pops:
- Brownies
- Papp/papir-sugerør
- Kakestrøssel/hakka pistasjnøtter/perlesukker
![brownies på pinne](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/02/20150209-dsc_0002-1024x680.jpg)
Slik gjer du:
- Del brownies opp i like store delar (heilt opp til deg kor store du vil lage).
- Trykk saman til du får forma ei kompakt kule.
- Rull kula i ei lita skål med strøssel.
- Stikk inn sugerøret.
- Ferdig!
![barnebursdag](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/02/20150209-dsc_0007-1024x681.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.