Brownies (Paleo)

paleo brownies

Denne browniesen rører du saman på få minutt og så kan nyte nydeleg nysteikt sjokoladesmak heilt utan kveitemjøl og raffinert sukker!

Kaka blir dermed naturleg glutenfri og kan nytast av dei som ikkje toler dette mjølet. Men ikkje la deg skreme, det utgjer ingenting for smaken og det er nydeleg kake med deilig kraftig sjokoladesmak. Server den saman med friske bær, spesielt bringebær smakar godt saman med sjokolade og gjerne litt krem eller iskrem. Mmmm!

Får du lyst på noko godt ein ettermiddag eller kveld er denne kaka gull å røre saman og steike:)

brownies

Brownies (Paleo)

Til 6-8 personar treng du:

  • 6 egg
  • 3 dl kokosnøttsukker el brunt sukker
  • 3 dl råkakao
  • 2 ts vaniljeessens
  • 6 ss extra virgin kokosolje
  • 1/4 ts salt (eg brukte himalaya salt)
  • friske bær og hakka valnøtter på toppen
Brownies (Paleo)

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 160 grader over- og undervarme.
  2. Rør saman alle ingrediensane.
  3. Smør ei eldfast form på ca 15 x 25 cm med litt kokosolje, hell røra i.
  4. Steik i 25-30 minutt. La kaka vere litt blaut i midten.
  5. Server med friske bær og gjerne is eller krem til.
brownies paleo

Oppskrifta til kaka fann eg opprinneleg i Sara Lossius si kokebok «Paleo – sunnere, sterkere og slankere med en naturlig livsstil» , men bileta og framgongsmåten er mine eigne.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.