Grovt langpannebrød

grovt langpanne brød
Langpannebrødet med rug og havre
blei fort ein favoritt her på bloggen, og spørsmåla om ein grovare variant kom både på facebook, instagram og snapchat. Det måtte sjølvsagt la seg gjere, og denne versjonen er kategorisert som grov på brødskalaen.

Litt grovare mjøl, men ellers same framgongsmåte, blei godkjent her i heimen og det håpar eg den blir i din heim også!

langpannebrødTil ei langpanne (16 stk) treng du:

  • 400 g kveitemjøl
  • 200 g havregryn
  • 200 g sammalt kveite fin
  • 200 g sammalt kveite grov
  • 5 dl lunka vatn
  • 2 dl mjølk
  • 1 ss honning
  • 1 ts salt
  • 1 pk tørrgjær
  • litt graskarkjerner til topping

grovt langpannebrødSlik gjer du:

  1. Elt saman alle ingrediensane i om lag ti minutt ved hjelp av ei kjøkkenmaskin eller for hand så lenge du orkar.
  2. Dekk til og la heve til dobbel storleik.
  3. Ha deiga over i ei bakepapirkledd langpanne.
  4. Trykk deiga uttover til den er jamn, fukt fingrane med litt vatn så går det lettare.
  5. Legg eit klede over og la heve i 30 min.
  6. Set omnen på 200 grader.
  7. Pensle med litt vatn og strø over litt graskarkjerner om du vil.
  8. Rut opp deiga, ved hjelp av ein skarp slikkepott eller ein kniv, slik at det blir 16 bitar.
  9. Steik midt i omnen i ca 30 min, til brødet er gyllent under.
  10. Avkjøl på rist.
langpannebrød

Brødet er fint å fryse. Del det i rundstykker, og ta opp så mange du treng. Tin dei anten på kjøkkenbenken eller ved å setje dei inn i kald omn og skru omnen på 150 grader varmluft. La dei steike i ca 12 min, så har du varme og sprø rundstykker klar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.