Langpannebrød med rug og havre
Langpannebrød er supert å ha i matpakken, og krev lite innsats. Du trykker brøddeiga utover i ei langpanne, ruter opp og steiker. Så er det berre å bryte opp til rundstykker og fylle med dine favorittar, eller nyte nysteikte halve rundstykker med smør og brunost… Mmmm!
Til ei langpanne (16 stk) treng du:
- 600 g kveitemjøl
- 200 g havregryn
- 200 g finmalt rugmjøl
- 6 dl lunka vatn
- 1 ss honning
- 1 ts salt
- 1 pk tørrgjær
Slik gjer du:
- Elt saman alle ingrediensane i om lag ti minutt ved hjelp av ei kjøkkenmaskin eller for hand så lenge du orkar.
- Dekk til og la heve til dobbel storleik.
- Ha deiga over i ei bakepapirkledd langpanne.
- Trykk deiga uttover til den er jamn, fukt fingrane med litt vatn så går det lettare.
- Legg eit klede over og la heve i 30 min.
- Set omnen på 200 grader.
- Rut opp deiga, ved hjelp av ein skarp slikkepott eller ein kniv, slik at det blir 16 bitar.
- Pensle med litt vatn og strø over litt havregryn om du vil.
- Steik midt i omnen i ca 30 min, til brødet er gyllent under.
- Avkjøl på rist.
Brødet er fint å fryse. Del det i rundstykker, og ta opp så mange du treng. Tin dei anten på kjøkkenbenken eller ved å setje dei inn i kald omn og skru omnen på 150 grader varmluft. La dei steike i ca 12 min, så har du varme og sprø rundstykker klar.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.