Vekemeny 47

I dag skriv eg vekemenyen til deg frå eit hus som luktar jul. Her skal nemleg årets pinnekjøt smakast på, og då er jo halve gleda å kjenne på lukta som sprer seg i huset i timane før. Kjenner du på den begynnande julestemninga du?

Julegåvetips 2022

I den komande veka er det mange tilbod å finne, så om du planlegg å gjere unna julegåvene så sjekk ut mine julegåvetips til kjøkkenet.

Ha ei fin veke!

Mandag

karbonader cornflakes

Panerte karbonader med muskatsaus

Panerte karbonader med muskatsaus er perfekt kvardagsmiddag som er laga og klar til servering på 30 minutt. Pass på at du får potetene på kok først, det er dei som… Fortsett å les »

Tysdag

aisatisk betasuppe

Plukke-suppe

Plukke-suppe har blitt ei eiga greie her i Kuala Lumpur, og denne suppa må få heite det her på bloggen òg! Plukke-suppe (Young Tau Foo) er eit herleg konsept i… Fortsett å les »

Onsdag

bakt søtpotet med kikerter

Bakt søtpotet med kikerter

Bakt søtpotet med kikerter er kosemat som lagar seg sjølv. Bakt søtpotet smakar søtt, mjukt og godt. Med knasande kikerter på toppen kan dette serverast både som middag eller digg… Fortsett å les »

Torsdag

gyllen blomkålsuppe

Gyllen blomkålsuppe

Gyllen blomkålsuppe er perfekt vintermat. Det lille ekstra ein treng når ein kjenner seg litt tufs, eller kjenner at ein bryggar på noko. Med gurkemeie som er betennelsesdempande og god… Fortsett å les »

Fredag

Kvit pizza med spekeskinke og parmesan

Kvit pizza med spekeskinke og parmesan er nydeleg godt og ei fin løysing når du ikkje har pizzasaus let tilgjengeleg. Nokre skeier creme fraiche gjer underverker og saman med salt… Fortsett å les »

Laurdag

verdens beste nøttestek

Nøttesteik med quinoa

Nøttesteik med quinoa er nydeleg servert saman med brun saus og tradisjonelt steik-tilhøyr. Her får du eit vegetarisk alternativ som har blitt meir og meir populært siste åra. Denne nøttesteika… Fortsett å les »

Søndag

suppe med linser

Linsesuppe med lam

Linsesuppe med lam stod på menyen her 2. påskedag, som siste middag før påskegjestane reiste heim og med siste rest av påskelammet i bruk. Har du restar av lam liggande… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Eltefri fullkorn­rundstykker med valnøtter

Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter er litt grovare enn dei andre versjonane her på bloggen med fullkornkveitemjøl i seg, men deilig saftige på grunn av valnøttene i deiga. Valnøttene gir også… Fortsett å les »

Noko godt

Pepperkaker (god deig å bake!)

3dl vatn ½dl lys sirup 2ss kanel 2ss nellik 2ss ingefær 750gr sukker 2ss natron 425gr smør ca 1400gr kveitemjøl   Bland saman vatn, sirup, krydder og sukker og gi… Fortsett å les »

Vekas kake

brune pinner

Brune pinner

Brune pinner er ein rask og enkel sort av julekaker å lage og kan fint lagast no når det nærmar seg julaftan med stormskritt. Du brukar ei kjøkkenmaskin til å… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.