Eltefri fullkorn­rundstykker med valnøtter

Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter er litt grovare enn dei andre versjonane her på bloggen med fullkornkveitemjøl i seg, men deilig saftige på grunn av valnøttene i deiga.

Valnøttene gir også ein god smak og rundstykka kan varmt anbefalast vidare! Den geniale eltefrie metoden gir deg deilig brødmat nesten utan arbeidsinnsats. Her er det tida som er avgjerande og som gjer størsteparten av jobben. Rør saman deiga før du går på jobb og server nysteikte rundstykker til kveldsmat, eller rør saman før du legg deg og server nysteikte rundstykker til frukost!

Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter

Får du runstykker til overs er dei perfekte å legge i frysaren til eit seinare høve, og treng berre 5 minutt på 180 grader varmluft før dei er som nybakte igjen.

 

Oppskrift på Eltefri fullkorn­rundstykker med valnøtter

4-5 porsjonar / Tid: 30 min + 12 t

  • 350 g fullkornkveitemjøl
  • 150 g fin sammalt kveite
  • 50 g solsikkefrø
  • 25 g linfrø
  • 50 g finhakka valnøtter
  • 1 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts honning
  • 4 dl lunka vatn
  1. Set bakebollen på vekta og veg opp alle ingrediensane direkte i bakebollen.

  2. Rør inn vatnet til alt er blanda, deiga skal vere klissete, og ha på lokk. Set til heving i 12-14t.

  3. Ha deiga over på mjølete bakepapir og bruk ein slikkepott til å forme den til ei avlang pølse. Brett pølsa ein gang på langs, strø over mjøl og dekk med plast.

  4. La heve i 30 min medan omnen varmar seg opp til 250 grader. La steikebrettet du skal bruke stå i, slik at det og blir varmt.

  5. Del opp pølsa i passe rundstykke vha slikkepotten og dra bakepapiret over på den varme plata.

  6. Senk temperaturen til 230 grader og steik midt i omnen i 12-15 min.

  7. Avkjøl på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.