Nøttesteik med quinoa

Nøttesteik med quinoa er nydeleg servert saman med brun saus og tradisjonelt steik-tilhøyr. Her får du eit vegetarisk alternativ som har blitt meir og meir populært siste åra. Denne nøttesteika er slett ikkje vanskeleg å lage, og du finn alle råvarene på den lokale butikken. Skulle det mangle quinoa på din butikk kan du faktisk bytte det ut med havregryn, det funkar også.

nøttestek nøttestek hvordan lage nøttestek

Nøttesteik med quinoa

Ei matmølle, eller ein food prosessor gjer jobben kjapp og enkel. Då kan alle grønsaker berre grovhakkast, og så vuzzzzz så er alt finhakka. Bland saman og set i omnen. Steika deler du i skiver som eit brød, og skalkane er finfine å prøvesmake for kokken med litt god pesto på. Berre i tilfelle du blei svolten av ventinga. Eit fin alternativ når du vil servere noko anna enn kjøt!

nøttesteik med quinoa  nøttestek med quinoa

Nøttesteika kan fint lagast dagen før, og så varmast opp igjen før servering. Min favoritt er saman med brun saus, surkål og poteter. I sausen kan du gjerne tilsetje noko av haustens tørka kantarell om du har. Knust til pulver gir det nydeleg smak til sausen. Har du ikkje det tilgjengeleg er brun saus med einebær, tyttebærsylte og pepar nesten like godt. Håper steika fell i smak!

Oppskrift på Nøttesteik med quinoa

4 porsjonar / Tid: 2 t

  • 1 løk
  • 1-2 sjalottløk
  • 2-3 fedd kvitløk
  • 1/2 purre
  • 1/2 fennikel
  • 1 ss smør/olje
  • 150 g hasselnøtter
  • 100 g rå cahewnøtter
  • 125 g parmesanost
  • 2 dl ukokt quinoa
  • 2 egg
  • 2 ts søt sennep
  • 1 ts worchestershiresaus
  • 2 ts salt
  • 1 ts pepar
  • 1 ts timian
  • 1 ss sitronsaft
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Del løk, sjalottløk, kvitløk, fennikel og purre i grove bitar. Smelt smør eller varm olje i ei steikepanne og surr alt til løken er blank.

  3. Kjør cashewnøtter og hasselnøtter i ei matmølle saman med parmesanosten til det er som grov sand.

  4. Ha grønsakene i matmølla og kjør dei til same konsistens.

  5. Bland inn ukokt quinoa, egg og resten av ingrediensane.

  6. Ha blandinga over ei bakepapirkledd brødform på ca 2 liter.

  7. Steik midt i omnen i 30 minutt, dekk så til med bakepapir og steik vidare i 1 time. La steika kvile i 20 minutt før du deler den forsiktig opp i skiver.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.