Pinnekjøtt med rabbestappe

Pinnekjøtt med rabbestappe er det eg har vakse opp med som middag på julaftan, og framleis det eg helst vil ete om eg får velje. Den lukta som blir i huset når pinnekjøtet kjem på omnen er jul, jul, jul. Etterkvart som to familiar har blitt til ein ny har det blitt svineribbe også på oss på julekvelden, men det er aldri aktuelt å kutte ut pinnekjøtet -det må med!

pinne kjøtt middag

Pinnekjøt må vere ein av dei enklaste rettane ein kan lage, heilt på linje med får-i-kål. Litt andre stykker av lammet, men ellers ganske lik framgongsmåte. Ha det i ei gryte, la det dampe seg til kjøtet fell frå beinet og server!

Dei siste åra har vi dampa pinnekjøtet på mandelpoteter i staden for på pinner/rist, etter inspirasjon frå fleire matbloggarar. Det funkar veldig, veldig bra -potetene kokar ikkje i stykker, og vips så har du smakfulle poteter å servere til maten. Synest du potetene blir for feite kan du sjølvsagt koke ekstra poteter å servere til, det er opp til deg:)

pinnekjøtt

Dette er ein rett som absolutt bør kome på omnen tidleg på dag på julaftan, for her er det mykje betre at kjøtet har fått dampe for lenge enn for kort. Når det er sagt, så kan det vel nesten ikkje dampe for lenge… Men unngå for all del å få for lite tid for kjøt som ikkje dett frå beinet er ikkje særleg godt å ete.

rabbestappe

Blir kjøtet ferdig lenge før gjestane kjem kan du legge det uttover eit steikebrett og la det få nokre få minutt under grillelementet før servering, og må rabbestappa stå litt så berre rør godt rundt for å få inn igjen væska som kan skille seg ut.

pinnekjøtt og kålrabistappe

Oppskrift på Pinnekjøtt med rabbestappe

4 porsjonar / Tid: 3-5 t

Pinnekjøtt

  • 2 kg pinnekjøtt
  • 8-10 mandelpoteter
  • 1,5-2 dl vatn

Rabbestappe

  • 1 stor eller 2 små rabber (kålrabi)
  • 1-2 ss smør
  • 2 ss pinnekjøttsjy
  • 1/4 ts muskat
  • 1-2 dl mjølk
  • salt og peppar
  1. Legg mandelpotetene i botnen av ein vid kjele, legg pinnekjøttet over og fyll på med vatn til poteten er nesten dekka. Kok opp og skru så ned slik at vatnet blir liggande rett under kokepunktet og avgir god damp til kjøtet over. La lokket ligge på heile tida, men sjekk ein gong i timen at det er nok vatn, og gryta ikkje kokar tørr. Damp i 3-5 timar til kjøtet losnar frå beinet. Damp heller for lenge enn for lite!

    Valfritt: legg pinnekjøtet uteover eit steikebrett og set det nokre få minutt under grillelementet i steikeomnen. Følg med heile tida, det går raskt frå perfekt til brent pinnekjøtt!

    Server pinnekjøtt med potetene frå botnen av gryta, rabbestappe, sjy og gjerne rødkål/surkål til.

  2. Skrell og del rabben i terningar. Ha i ei kasserolle og dekk med vatn. Kok til dei er møre, ca 15-20 min avhengig av storleik. Hell av vatnet og la dampe seg tørre 1-2 minutt i den varme kasserolla. Ha i smør og mos godt, anten ved hjelp av ein visp/potetstappar eller ein stavmiksar. Ha i sju, muskat, salt og peppar og spe så med melka. Ha i litt og litt og rør godt mellom kvar gong. Stopp når du har fått ønskja konsistens, og smak til med meir salt og peppar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.