Reklame

Bakt søtpotet med kikerter

Bakt søtpotet med kikerter er kosemat som lagar seg sjølv. Bakt søtpotet smakar søtt, mjukt og godt. Med knasande kikerter på toppen kan dette serverast både som middag eller digg kveldskos. Søtpotetene må stå i omnen til dei er mjuke, og kikertene må stå til dei er sprø. Dette tek ca 30 minutt, og då har du rikeleg med tid til å røre saman dressingen og dekke bordet. Mat som lagar seg sjølv altså. Det likar vi!

bakte kikerter

Bakt søtpotet med kikerter

bakt søtpotet
Vil du variere dressingen kan du bytte ut persille med mynte eller koriander. Og gjerne ei lita skei tahini om du har ståande eit glas i kjøleskapet. Likar du det meir spicy kan du legge til frisk hakka chili eller litt ekstra chilipulver i krydderblandinga. Frisk sitronsaft må uansett med, det er prikken over i’en!

bakt søtpotet med kikerter
Då er det berre å finne søtpotet på butikken og slenge den i omnen. Meir vegetarmat i 2018? Check, check, check! Fekk du lyst å lage meir mat med søtpotet? Sjekk ut søtpotetsuppe med paprika.

bakt søtpotet med kikerter

Oppskrift på Bakt søtpotet med kikerter

4 porsjonar / Tid: 45 min

Søtpotet og kikerter

  • 2 søtpoteter
  • 2 ss olivenolje
  • 400 g Helios kikerter
  • 2 ss kokosolje
  • 1/2 ts spisskummen
  • 1/2 ts koriander
  • 1/2 ts kanel
  • 1/2 ts paprikapulver
  • salt og pepar

Dressing

  • 2 dl gresk yoghurt
  • 2 ss sitronsaft
  • 1/2 potte persille
  • salt og pepar
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme. Kle eit steikebrett med bakepapir.

  2. Del søtpotet i to, ringle over olivenolje på snittflata og legg denne ned mot bakepapiret.

  3. Skyl kikertene og la dei renne av seg i eit dørslag. Bland kikertene med alt krydderet og kokosolja. Fordel utover bakepapiret saman med søtpotetene, eller steik på eige brett om du helst vil det.

  4. Steik søtpotet og kikerter midt i omnen i ca 30 minutt, til søtpotetene er møre. Kjenn etter ved å snu dei og stikke ein gaffel inn i kjøtet. Er det mjukt og gir etter er dei ferdige.

  5. Medan søtpotetene steiker gjer du klar dressingen. Rør saman yoghurt, sitronsaft, hakka persille, salt og pepar.

  6. Snu søtpotetene, bruk ein gaffel og rusk litt i kjøtet slik at kikertene får plass på toppen. Drypp dressingen over og servér med det same.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.