Plukke-suppe

plukkesuppe

Plukke-suppe har blitt ei eiga greie her i Kuala Lumpur, og denne suppa må få heite det her på bloggen òg! Plukke-suppe (Young Tau Foo) er eit herleg konsept i ein av mathallane som finnast her. Du tek ei stor skål og ei klype og plukkar det du vil ha i skåla di før du leverer det til mannen eller dama bak disken.

Her er det heile nuddelblokker, hjartesalatar, tomatar, fiskebollar, sopp, kyllingpølser og massevis av tofu-ting og andre saker vi ikkje anar kva er. Og det er så gøy! Den bak disken klipper opp alt i mindre delar og kokar det raskt i små «dørslag» før dei samlar alt i di skål igjen. Og så kan du velje; spicy eller klar kraft/suppe over (eller 50/50 om du ikkje er heilt klar for asia-spicy den dagen).

Og denne suppa smakar fantastisk godt! Ferdig på 1-2-3 og kan varierast slik at både minstemann og eldstemann er nøgd med maten den dagen. Supert med andre ord -og det var klart at vi måtte lage denne suppa heime. Vår versjon er absolutt «Brennsnut-inspirert» men med ein asiatisk vri!

Sidan kjøkkenet vårt ikkje er utstyrt slik at eg kan koke ei suppe til kvar, blei det plukke-suppe med alt mogleg i, og så var det lov å plukke det ein likte og det funka finfint!

Nydeleg suppe med alt du kan ønske deg av vitaminar og grønsaker. Har du kraft som du har kokt sjølv gjer det suppa enda betre, men til nauds kan du sjølvsagt bruke buljong;)

aisatisk betasuppe

Til 4 personar treng du:

  • 1 søtpotet
  • 1 gulrot
  • 1 regnbue (lilla) gulrot
  • 2 poteter
  • 1 pastinakk
  • 4-5 middagspølser
  • 1 purreløk
  • 8-10 små sjampinjong
  • 3 store bok choy / 8-10 baby bok choy (eller bruk hjartesalat/spinat)
  • ca 3 l kraft (eller vatn + buljongterning)
  • salt og peppar
bok choy

Slik gjer du:

  1. Skrell og del alle rotgrønsakene i terningar.
  2. Vask bok choy godt, og del i grove bitar.
  3. Del soppen i fire, purreløken og pølsene i skiver.
  4. Kok opp krafta og ha i rotgrønsakene. La dei småkoke på middelsvarme i 5-7 min.
  5. Ha i bok choy, purre, pølser og sopp og la småputre/trekke vidare til pølsene er ferdige (5-7 min).
  6. Set salt og peppar på bordet, og la kvar og ein få smaksette si suppe slik dei ønskjer.
  7. Middagen er servert!
plukkesuppe

PS. Denne oppskrifta er genial å lage mykje av, og fin å ha å varme opp dagen etter:)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.