Kvit pizza med spekeskinke og parmesan


kvit pizza

Kvit pizza med spekeskinke og parmesan er nydeleg godt og ei fin løysing når du ikkje har pizzasaus let tilgjengeleg. Nokre skeier creme fraiche gjer underverker og saman med salt spekeskinke og skarp rødløk er dette gode smakar å servere i lag. Eg har brukt pizzastein her, men har du ikkje det kan du bruke eit varmt steikebrett i staden, med godt resultat likevel.

Til 2-3 personar treng du:

Pizzadeig:

  •       2,5 dl lunka vatn
  •       5-6 dl kveitemjøl
  •       ½ pk tørrgjær
  •       1 ts salt
  •       3 ss olivenolje

Kvit saus:

  •       3 ss creme fraiche
  •       2 fedd kvitløk

Topping:

  •       4-5 skiver spekeskinke
  •       ¼ rødløk i ringar
  •       1 ss soltørka tomat i bitar
  •       ein neve reven parmesan
  •       ein neve frisk basilikum
hvit pizza

Slik gjer du:

  1. Lag pizzadeig ved å elte saman alle ingrediensane. Brukar du kjøkkenmaskin er det lurt å ha vatnet i bollen først, slik at du lettare får med alt mjølet inn i deiga. Elt i 10 min på middels fart.
  2. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.
  3. Press eller finhakk kvitløken og rør den saman med creme fraiche. (Denne kan gjerne står og trekke litt.)
  4. Set pizzasteinen (eller eit steikebrett) inn i kald omn og skru på 250 grader.
  5. Bruk mjøl på eit bakepapir og på deiga og bruk hendene (eller eit kjevle) til å forme ein flat botn.
  6. Stryk utover sausen.
  7. Legg på spekeskinke, soltørka tomat og rødløk. Strø over parmesan.
  8. Dra bakepapiret med pizzaen over på pizzasteinen.
  9. La steike i ca 5 min før du lirkar/dreg ut bakepapiret og steiker siste minutta utan bakepapir. Total steiketid er ikkje meir enn 10-12 min.
  10. Server med frisk basilikum på toppen.
kvit pizza med spekeskinke og parmesan

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!