Brune pinner

brune pinner Brune pinner er ein rask og enkel sort av julekaker å lage og kan fint lagast no når det nærmar seg julaftan med stormskritt.

Du brukar ei kjøkkenmaskin til å røre smør og sukker kvitt, og så blandar du i resten av ingrediensane. Klapp eller kjevle til flate store kaker, pensle med egg og ha på pynt før du steiker dei.

Først etter at kakene er ute av omnen deler du dei opp i pinnar, og så er det berre å fylle kakeboksen og glede dei rundt deg med ei nydeleg julekake.

Du kan bytte ut mjølet med like mengder glutenfritt mjøl om du vil ha ein glutenfri versjon. (Toro lys kakemiks funkar fint). Merk at med glutenfritt mjøl blir kakene litt sprøare/skjørare enn med vanleg kveitemjøl, men smaken er like god!

hvordan lage brune pinner

Til 40-45 brune pinner treng du:

  • 200 g smør
  • 200 g sukker
  • 1 ss sirup (både mørk og lys går fint)
  • 1 eggeplomme
  • 1 ts kanel
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts natron
  • 300 g kveitemjøl (eller glutenfritt mjøl)

Topping:

  • 1 egg
  • 1 dl hakka mandlar
  • litt perlesukker
røre smør og sukker smør og sukker brune pinner oppskrift brune pinnar oppskrift

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme.
  2. Rør smør og sukker kvitt i ei kjøkkenmaskin.
  3. Ha i eggeplomme, sirup og alt det tørre.
  4. Kjør vidare i maskinen til det er samla til ei deig (eller bruk ein slikkepott).
  5. Del deiga i 4, legg to på eit bakepapir og kjevle/trykk til flate kaker.
  6. Pensle med samavispa egg og strø over hakka mandlar og perlesukker.
  7. Steik eit og eit brett midt i omnen i ca 10 min, til kakene er gylne.
  8. Dra bakepapiret over på ei rist, la avkjøle i eit par minutt.
  9. Del opp i pinnar ved hjelp av ein skarp kniv.
  10. Avkjøl heilt før du legg dei i tette kakebokser.
kolakaker

TIPS: Den ekstra eggekviten du sit igjen med er jo fin-fin å nytte til Vepsebol eller til Kokosmakroner med sjokolade og mandel.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.