Glutenfri tjukklefser

Glutenfri tjukklefser er min store favoritt som kaffimat. Lefser er jo noko heilt spesielt, og alltid populært når det står på eit kakebord. Tjukklefser er mykje enklare å lage enn tynne lefser, og smakar like godt. Ved å lage tjukke lefser slepp du å dynke dei, og du slepp problemet med at dei rivnar fordi du skal kjevle dei så tynne. Mindre frustrasjon med andre ord.

glutenfri tjukke-lefserglutenfri tjukke-lefser

Glutenfri tjukklefser

Grunnoppskrifta har eg fått av ei kjekk tante, så har vi laga den på vår måte. Tipset som følgde med var å kjevle ut på ein voksduk som du legg opp-ned, og det har vi brukt. Når det er sagt så går det sikkert heilt fint å kjevle ut denne deiga rett på benken. Emna er ikkje særleg store, og det er ei fin deig å jobbe med. Bruk gjerne eit dørslag med mjøl i og dryss mjøl under og over emnet ved utbaking.

glutenfri tjukke-lefserLefsene skal smørast når dei har blitt avkjølt, og då kan du velge kva du vil smøre med. Min favoritt er smør, sukker og kanel -og det er det du finn oppskrifta på under her. Du kan også bruke rømme eller skippe kanelen om du ikkje er så glad i det.

glutenfri tjukke-lefser

Oppskrift på Glutenfri tjukklefser

8-10 porsjonar / Tid: 2-3 t

  • 225 g sukker
  • 5 dl kefir
  • 225 g smør
  • 1 egg
  • 4 ts hornsalt
  • 1 ts vaniljesukker
  • ca 1 kg glutenfritt lyst mjøl (feks lys semper)

Smørkrem

  • 300 g smør
  • 250 g sukker
  • 1 ss kanel
  1. Smelt smøret og bland saman alt. Set kaldt over natta eller minst 3 timar.

  2. Kjevle utover til ca 0,5 cm og stikk ut lefser med feks eit pannelokk.

  3. Steik på takke til lefsene er gylne på begge sider.

  4. Avkjøl på rist og smør dei når dei er heilt kalde. Pakk tett og oppbevar i frysar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.