Kokosmakroner med sjokolade og mandel

Kokosmakroner høyrer jula til og denne versjonen er ein luksus-versjon med nydeleg hakka sjokolade og mandel. Den liknar på Vepsebol, men har deilig kokosfyll i tillegg.

kokosmakroner med sjokolade og mandel

Eg har tidlegare fortalt at kokos inntil nyleg ikkje var min store favoritt. Men så skjedde det noko merkeleg i løpet av det året vi var i Asia. Der nyttar dei jo kokos i alt mogleg, og det er vanskeleg å finne ein asiatisk dessert utan kokos i ei eller anna form.

Å få kjøpe ferske kokosnøtter på butikken (eller på stranda) og drikke kokosvatn er noko eg skulle ønskje det var moglegheit for her i Norge og! No kan eg nesten ikkje få nok av kokos-smaken, og nyttar meir kokosmjølk enn nokon gong, både i smoothie-bowl og gryter.

Kokosmakroner med sjokolade og mandel

kokosmakroner

Denne julekaka har dermed to av mine store favorittar i seg: kokos og sjokolade! Og dermed er det søte til ettermiddagskaffien i boks for min del. Nemnde eg at dei er raske og enkle å lage også? Prøv du også, så ser du kva eg meinar:)

kokosmakroner oppskrift

TIPS: Har du ikkje varmluft? Auk temperaturen til 190 grader over- og undervarme og steik eit brett i gongen. Steiketida blir omlag 15 min, følg med.

Oppskrift på Kokosmakroner med sjokolade og mandel

20 stk / 10-12 porsjonar / Tid: 45 min

  • 2 eggekviter
  • 1 ts vaniljesukker
  • 125 g sukker
  • 60 g mandlar
  • 65 g kokos
  • 125 g mørk sjokolade
  1. Set omnen på 170 grader varmluft (eller 190 grader over- og undervarme, men då må du steike eitt brett i gongen).

  2. Grovhakk mandlar og sjokolade.

  3. Visp eggekvitene med vaniljesukkeret og halvparten av sukkeret til det skummar.
    Tilset litt og litt av sukkeret medan vispen går, og fortsett til du har blank og tjukk marengs.

  4. Vend mandlar, kokos og sjokolade forsiktig inn med ein slikkepott, slik at du beheld mest mogleg av lufta i eggekvitene.

  5. Bruk to spiseskeier og set små toppar på to bakepapirkledde steikebrett.

  6. Steik begge bretta samstundes i ca 15 min, til dei såvidt er gylne.
    Avkjøl på steikebrettet, deretter på rist.

  7. Oppbevar i tett kakeboks.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!