Panerte karbonader med muskatsaus

Panerte karbonader med muskatsaus er perfekt kvardagsmiddag som er laga og klar til servering på 30 minutt. Pass på at du får potetene på kok først, det er dei som kjem til å ta lengst tid. Denne retten har fått tilnamnet karamellkjøtt her i heimen, sidan cornflakes på utsida av karbonadene smakte karamell og gjorde middagen til ein fest. Det skal ofte ikkje så mykje til før det er suksess, og litt egg og knust cornflakes er det hemmelige trikset ved denne retten.

heimelaga karbonader
Eg kokar gjerne poteter med skal om vi er fleire vaksne til bords, men tek heller jobben med å skrelle dei først som sist om det er flest born rundt bordet. Når maten kjem på bordet tek det alt for lang tid å skulle hjelpe alle små før ein kan få ete sjølv spør du meg… men her kan du gjere som du vil;)

hjemmelagde karbonader

Muskatsaus med gulrot og erter er vanleg å servere til karbonader i Danmark, men høyres liksom litt feil ut her i heime i Norge. Kvit saus med muskat er lik fiskebollar, fiskekaker og lasagne -og ikkje karbonder. Men dette er berre å legge frå seg med det samme. Karbonader og muskatsaus er nydeleg godt i lag! Grønsaker forkledd inne i sausen er heller ikkje dumt. Berre prøv så trur eg du har ein ny kvardagsfavoritt i heimen du også!

panerte karbonader med muskatsaus

Oppskrift på Panerte karbonader med muskatsaus

4 porsjonar / Tid: 30 min

Karbonader

  • 400 g karbonadedeig
  • 1 ts salt
  • 1 ss potetmjøl
  • 1/2 ts pepar
  • 1 ts worchestershiresaus

Panering

  • 1 egg
  • 2 dl knust cornflakes

Muskatsaus

  • 2 ss smør
  • 2 ss mjøl (gjerne glutenfritt)
  • 5 dl mjølk
  • 1/4 ts muskat
  • 4 gulrøtter
  • 200 g frosne erter
  • salt og pepar

Kokte poteter

  1. Set over potetene.

  2. Rør saman alle ingrediensana til karbonadene. Del i fire store eller åtte små karbonader og klapp flate. Bruke ein kniv og bank rutemønster i overflata.

  3. Visp saman egget i ei skål og ha knust cornflakes i ei anna.

  4. Dypp karbonadene først i egget og så i cornflakes. Steik så i ei panne med smelta smør til dei er gylne.

  5. Lag kvit saus ved å smelte smøret og så røre inn mjølet. Spe med mjølka litt etter litt og rør kraftig mellom kvar gong slik at du får ein jamn saus. Krydre med muskat, salt og peppar og la sausen småkoke.

  6. Skrell gulrøttene og del dei i små terningar. Ha gulrot og erter i sausen og la dei koke med til dei er gjennomvarme, ikkje kokte. Litt krønsj i gulrøttene er berre godt.

  7. Server panerte karbonader med kokte poteter og muskatsaus. Dryss gjerne hakka kruspersille på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.