Vekemeny 10

Ny vekemeny er på plass, og vinterferien 2019 er eit tilbakelagt kapittel. Denne gongen blei det jobbing for min del, men ei pause frå ettermiddagsaktivitetar gav likevel litt ferie-kjensle. Herleg!

Har du forresten fått med deg konkurransen som går på FB? Klikk her og legg igjen ein kommentar så er du med i trekninga av ei signert kokebok. Tenk at det er eit halvt år sidan den kom på marknaden! Hurra!

Håper du har hatt ei fin veke du og, og at du er klar for den neste. Her får du inspoen for kva du kan servere.

Mandag

helios krydder

Steikt ris med grønsaker

Steikt ris med grønsaker er perfekt mat å lage av restar. Om du er smart så lagar du med vilje litt for mykje ris dagen før, så kan du enkelt… Fortsett å les »

Tysdag

fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus er så mykje enklare å lage enn du trur. Har du nokon gong laga kjøttkaker? Det er ganske likt, og dette er ein slik rett som går… Fortsett å les »

Onsdag

Kyllingwok med chili og cashewnøtter

Denne retten er i likheit med black pepper beef ein sikker vinnar å bestille på restaurant eller i dei mange food court’ane her i Asia. Den finnast i utallige variantar… Fortsett å les »

Torsdag

lasagne med laks og spinat

Lasagne med laks og spinat

Lasagne med laks og spinat er utan tomatsaus som i den vanlege lasagnen, men har lasagneplater og krema saus. Fyll godt på med spinat og ikkje ver redd for å… Fortsett å les »

Fredag

tex-mex panne med makaroni

Tex-mex panne med makaroni

Tex-mex panne med makaroni har friske fargar og mild tex-mex smak. Smelta ost gir den gode kosemat-kjensla. Du veit den maten du kan ete frå ei skål med berre ein… Fortsett å les »

Laurdag

Innbakt pai med bacon, ruccola og fetaost

Innbakt pai med bacon, ruccola og fetaost smakar veldig godt, og gjer at du får enno meir av det gode og sprø paiskallet for kvart stykke. Pai som er varma… Fortsett å les »

Søndag

kikertgryte med chorizo

Chorizo og kikertgryte

Chorizo og kikertgryte har nydeleg smak av chorizopølse og ekstra røykt smak frå paprikakrydderet. Finn du ikkje røykt paprika på butikken din veit du kva du skal sjå etter neste… Fortsett å les »

Vekas brødmat

eltefritt rundstykker

Eltefrie 4-korn rundstykker

Eltefrie 4-korn rundstykker er ein ny versjon av dei rundstykka vi lagar oftast i vår heim (kanskje i konkurranse med Proteinrundstykka som også er høgt på lista). Dette er super… Fortsett å les »

Noko godt

fastelavnsbolle

Fastelavnsbolle med syltetøy og krem

Fastelavnsbolle med syltetøy og krem Det nærmar seg den søndagen i året igjen! Den med krem og bollar og syltetøy –all over the place. Fastelavnsbollar er absolutt finast å sjå… Fortsett å les »

Vekas kake

gulrotkake

Gulrotkake utan mjøl

Gulrotkake er saftig og god kake, som slett ikkje treng innehalde mjøl for å smake godt. Dette er ein versjon med mandlar i staden for mjøl, slik at kaka blir… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.