Gulrotkake utan mjøl

gulrotkake glutenfri

Gulrotkake er saftig og god kake, som slett ikkje treng innehalde mjøl for å smake godt. Dette er ein versjon med mandlar i staden for mjøl, slik at kaka blir naturleg glutenfri. Med sjokoladebitar inni og ein nydeleg ostekrem på toppen er denne kaka ein hit for både små og store!

gulrotkake uten mel

Til ei lita langpanne eller ei 22 cm rund form treng du:

  • 225 g mandlar
  • 0,5 dl demerara sukker eller brunt sukker
  • 1,5 ts bakepulver
  • 2 klyper salt
  • 1 ts kanel
  • 1/2 ts malt muskatnøtt
  • 1 sitron (skalet)
  • 4 egg
  • 0,75 dl sukker
  • 1 vaniljestang
  • 2-3 (250 g) gulrot
  • 50 g mørk sjokolade (75 %)

Glasur:

  • 225 g kremost (philadelphia)
  • 2 ss mjukt smør
  • 1 vaniljestang
  • 1/2 sitron (safta)
  • 1 klype salt
  • ca 250 g melis
  • 5-6 jordbær til pynt

gulrotkake med ostekremSlik gjer du:

  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.
  2. Vask sitronen godt og riv av det gule skallet ved hjelp av eit zesterjarn/rivjarn. Skrap ut frøa frå vaniljestanga
  3. Mal mandlar i ei matmølle, bland i demerara sukker, bakepulver, salt, kanel, muskat, vaniljefrø og sitronskal.
  4. Riv gulrot fint på eit rivjarn. Hakk sjokolade i små bitar.
  5. Pisk eggedosis av egga og sukkeret. Pisk lenge, slik at du har super-luftig og stor eggedosis.
  6. Vend inn gulrot, sjokolade og mandelblandinga, i tre omgongar.
  7. Hell røra over i bakepapirkledd form og sett midt i omnen.
  8. Steik i 50-60 min, til kakepinnen er tørr når du stikk midt i kaka og sjekkar.
  9. Legg ei rist over kaka, snu alt opp ned, fjern bakepapiret og la kaka avkjøle på rista.

Glasur:

  1. Ha romtemperert kremost og smør i ein bolle.
  2. Ha i frøa frå vaniljestanga, sitronsaft, salt og melis.
  3. Visp saman med ein handvisp til du har ein glatt krema glasur.
  4. Stryk glasuren utover den avkjølte kaka og pynt med halve jordbær.

gulrotkake utan mjølTIPS: Oppskrifta kan gjerne doblast og lagast i vanleg langpanne! Då doblar du alt unnateke krydder, salt og bakepulver:)


Eg har gjort nokre småjusteringar, og tilpassa kaka til mine favorittar, men originaloppskriftene fann eg her:

Glasuren: https://foodwednesday.wordpress.com/2010/11/13/flourless-carrot-cake/

Sjølve kaka: http://cooking.nytimes.com/recipes/1013341-flourless-carrot-cake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.