Eltefrie 4-korn rundstykker

Eltefrie 4-korn rundstykker er ein ny versjon av dei rundstykka vi lagar oftast i vår heim (kanskje i konkurranse med Proteinrundstykka som også er høgt på lista). Dette er super brødmat å servere til helgefrukosten, berre hugs å røre saman deiga før du legg deg!

eltefrie 4-korn rundstykker

Eltefrie 4-korn rundstykker

Ofte rører vi saman deiga når kidsa likevel sit og et kveldsmat, og ein av oss styrer på kjøkkenet. Oppskrifta er så enkel og grei å jobbe med, at det er hips om haps kven av oss vaksne som rører deiga saman, det er uansett gjort på tre minutt.

rundstykker eltefrie 4-korn

Dette er faktisk ei slik oppskrift som bør blir ei oppgåva for eldstemann i huset, som plutseleg har lært både å leggje saman og trekke i frå. Kanskje ei fin matteoppgåve å vege og rekne. Der fekk eg ein ide du;)

eltefrie firkornrundstykker

Når du lagar eltefrie rundstykker og ikkje et opp alle med det samme, kan du smile nøgd til deg sjølv og notere at du no har heimebakte rundstykker i frysaren. Pakk dei i ein tett plastpose, så kan du berre gå i fryseboksen og hente så mange rundstykker du treng og varme på 180 grader varmluft i 5-10 minutt. Om det er heilt krise og det må gå endå kjappare tinar eg dei i mikro til eg akkurat får delt dei i to med brødkniven, og så gir dei ein rask tur i brødristaren. Det et kidsa til frukost når mor er tom for brød, og vi må skunde oss avgarde til skule, barnehage og jobb. Funkar som gull:)

 

 

Oppskrift på Eltefrie 4-korn rundstykker

4-5 porsjonar / Tid: 1 t + heving over natt

  • 100 g 4-korn blanding
  • 100 g havregryn
  • 400 g kveitemjøl
  • 1/2 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 5 dl vatn
  • 1 ts honning
  1. Sett bakebollen på vekta, null ut og veg opp alt det tørre direkte i bakebollen. Ha i resten og rør lett rundt til alt er blanda. Du treng ikkje røre lenge, berre sånn at det akkurat har blitt ei masse.

  2. Legg på lokk og la heve på kjøkkenbenken over natta, 8-20 t.

  3. Bruk ei isskei eller to spiseskeier og lag rundstykker på eit bakepapirkledd steikebrett.

  4. Dekk med eit kjøkkenhåndkle, og la rundstykka etterheve i 30 minutt, medan omnen varmar seg opp til 230 grader over- og undervarme.

  5. Steik rundstykka midt i omnen i ca 20 minutt, til dei er gylne på undersida.

  6. La rundstykka avkjøle på rist nokre minutt før du kan nye nysteikte rundstykker. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.