Chorizo og kikertgryte

Chorizo og kikertgryte har nydeleg smak av chorizopølse og ekstra røykt smak frå paprikakrydderet. Finn du ikkje røykt paprika på butikken din veit du kva du skal sjå etter neste gong du er på ein større butikk. Det er nydeleg, og gir det lille ekstra. Pass på at du ikkje brukar for mykje, start med litt og smak til etter kvart. Blir det for mykje røykt paprikasmak kan det bli for intenst synest eg.

chorizo og kikertgryte

Chorizo og kikertgryte

chorizogryte med kikerter

Du kan bruke kikerter som du har lagt i bløyt over natta, eller kikerter frå kartong/boks. Det same gjeld dei grøne linsene. Du kan bruke frå kartong, eller den tørre versjonen. Grøne linser treng du ikkje legge i bløyt, men det kortar ned koketida litt om du gjer det. Så om du skal lage kikerter klare heilt frå botnen legg du linsene i bløyt også. Viss ikkje brukar du dei berre som dei er, då treng dei ca 25 minutt koketid.

chorizo og kikertgryte

Oppskrift på Chorizo og kikertgryte

4 porsjonar / Tid: 40 min

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss nøytral olje
  • 100 g chorizo
  • 2 dl kikerter frå kartong/eller bløytlagt
  • 1 dl grøne linser
  • 0,5 ts røykt paprika/paprikapulver
  • 1 ts spisskummen
  • 400 g hakka tomat
  • 4 dl vatn (eller kraft)
  • 1 ts grønnsaksbuljong
  • 1/2 sitron
  • 2 dl spinat
  • Salt og pepar
  1. Del chorizo i bitar og steik til bitane blir bruna i kanten.

  2. Del løk i terningar og la det frese med saman med choriozopølsene til løken blir blank. Tilset olje dersom det ikkje blir nok å berre steike i feittet frå pølsene.

  3. Ha i finhakka kvitløk, røykt paprikapulver og spisskummen og la det frese med til det luktar godt av krydderet.

  4. Ha i hakka tomat, vatn og grønsaksbuljong. Kok opp.

  5. Hell av laken frå kikertene og skyl dei i eit dørslag til det sluttar å skumme. Ha kikertene i gryta

  6. Skyl dei grøne linsene på same måten og ha dei i gryta dei og. La småkoke til linsene er møre ca 25 minutt.

  7. Rør inn spinat 2 minutt før servering, og safta frå sitronen.

  8. Smak til med salt og pepar. Servér med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.