Innbakt pai med bacon, ruccola og fetaost

innbakt pai

Innbakt pai med bacon, ruccola og fetaost smakar veldig godt, og gjer at du får enno meir av det gode og sprø paiskallet for kvart stykke. Pai som er varma opp igjen dagen etter er noko av det beste vi kan ete til helgelunsj her i huset, og gjev ofte ekstra motivasjon for å velge pai ein fredag eller laurdagskveld. Du kan sjølvsagt ha i det du likar best, og ta bort det du ikkje er så glad i.

Eg har to ulike størrelsar på paiformene mine, dette er tilpassa den miste, og då brukar eg 3 egg og 2 dl mjølk. Dersom eg brukar den største paiforma nyttar eg same oppskrifta men aukar til 4 egg og 3 dl mjølk. Sjå kva som passar til di form, det er ikkje verre enn å etterfylle om du synest det blir for lite i forma:)

Innbakt pai med bacon, ruccola og fetaost

Til ei lita/normal paiform treng du:

Botn:

  • ca 5 dl kveitemjøl
  • 1,5 dl varmt vatn
  • 1,5 dl solsikkeolje

Fyll:

  • 5-6 skiver bacon
  • 1/2-1 løk
  • 8-10 soltørka tomatar
  • 1 pk ruccola
  • 3 egg
  • 2 dl mjølk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 100 g fetaost
  • salt og peppar
  • reven mozzarella på toppen
innbakt pai med bacon, ruccola og fetaost

Slik gjer du:

  1. Bland saman mjøl, vatn og olje til du har ei jamn deig. Del deiga i to, den eine litt større enn den andre og trykk den største delen ut i ei paiform. Prikk med ein gaffel og steik i ti min på 200 grader over- og undervarme. (Kan sløyfast).
  2. Del bacon og løk i terningar og fres i ei steikepanne til løken har blitt blank.
  3. Ha bacon, løk, soltørka tomat i bitar, ruccola og fetaost i paiforma.
  4. Visp saman egg og mjølk, ha i salt, peppar og finhakka kvitløk.
  5. Hell eggeeblandinga over i paiforma og ha over litt reven mozzarella.
  6. Kjevle ut den andre deigbiten og legg den over paiforma som eit lokk. Jamn til rundt kanten og fjern deig som blir overflødig. Prikk små hol med ein gaffel eller ein skarp kniv.
  7. Steik i 30-40 min på 200 grader. La kvile i ti min, server med godt brød og salat. Her har eg servert det med stablebrød med friske urter.

PS. Pai smakar enda betre dagen etter! Nyt den kald eller varm -perfekt som lunsj!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!