Tex-mex panne med makaroni

Tex-mex panne med makaroni har friske fargar og mild tex-mex smak. Smelta ost gir den gode kosemat-kjensla. Du veit den maten du kan ete frå ei skål med berre ein gaffel. Vil du ha vegetarversjon kan du lett kutte ut kjøttet, eller bytte det ut med bønner. Har du tacokjøttdeig igjen i kjøleskapet er dette ein av dei rettane der du kan bruke desse!

tex-mex panne med makaroni

Tex-mex panne med makaroni

I oppskrifta står det kyllingkraft, men har du ikkje det for hand kan du bruke vatn og litt buljong i staden. Eg likar gjerne å snike kraft i alle rettar, sidan det blir rekna som noko av det sunnaste du kan gi kroppen. Men dette er ikkje essensielt for oppskrifta, du kan bruke vatn i staden.

tex-mex panne med makaroni

Får du restar av denne er den perfekt å fryse ned som ein grateng, og varme i omnen ved eit seinare høve. Eg likar  best å fryse ned i ei eldfast form med lokk og så setje forma rett i omnen. Ein halvtimes tid på 180 grader gjer susen, og resultatet er middag utan oppvask. Min favoritt!

tex-mex panne med makaroni

Oppskrift på Tex-mex panne med makaroni

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 3 dl makaroni
  • 2 ss rapsolje
  • 400 g kjøttdeig
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 ts oregano
  • 1,5 ts spisskummen
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar
  • 1 løk
  • 1 raudløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1,5 dl kyllingkraft
  • Ca 100 g ruccola
  • 1 boks mais
  • 3 vårløk
  • 2 dl riven ost
  1. Kok opp ei kasserolle med vatn, hell i makaronien og la småkoke til den er mjuk.

  2. Del løk og raudløk i teringar. Finhakk kvitløk og del vårløk i ringar.

  3. Varm olje i ei steikepanne og steik løk og rødløk til løken er blank.

  4. Ha kjøttdeiga i steikepanna og steik vidare til den er bruna. Ha over alt krydder og kvitløken og bland godt inn.

  5. Hell over krafta og kok opp.

  6. Bland inn vårløk, mais og ruccola.

  7. Hell av kokevatnet på makaronien og vend denne inn saman med riven ost.

  8. Server tex-mex panna med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.