Lasagne med laks og spinat
Lasagne med laks og spinat er utan tomatsaus som i den vanlege lasagnen, men har lasagneplater og krema saus. Fyll godt på med spinat og ikkje ver redd for å bruke for mykje, den krympar veldig under steiking. I denne versjonen forkokar du lasagneplatene, sidan dei eigentleg treng lenger tid i omnen enn dei andre ingrediensane. På den måten slepp retten å stå så lenge i omnen og resultatet blir krema spinat og lasagneplater, med mjuke laksebitar innimellom. Mmmmm!
Til omlag 4 personar treng du:
- ca 400 g laks
- 4-6 lasagneplater
- ca 100 g spinat
- 2 dl kremfløyte
- 1 ss maizena
- 2 fedd kvitløk
- 2 vårløk
- 2 nevar riven ost
- salt og peppar
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
- Kok opp ei stor kasserolle med vatn og litt salt. Ha i lasagneplatene og la dei trekke i 5-7 min.
- Skyl og tørk spinaten i ei salatslynge.
- Del laks i terningar på 2 x 2 cm.
- Finhakk kvitløk og vårløk.
- Legg laks, spinat, løk og halvkokte lasagneplater lagvis. Strø gjerne litt av osten over kvar av lasagneplatene, men spar det meste til topping.
- Rør ut maizena i kremfløyta, krydre med salt og peppar og hell over.
- Legg ost på toppen.
- Steik midt i omnen i ca 20 min, følg med på slutten så det ikkje blir brent på toppen.
- La gjerne kvile i 5-10 min, så er det klart for digg middag!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.