Reklame

Steikt ris med grønsaker

Steikt ris med grønsaker er perfekt mat å lage av restar. Om du er smart så lagar du med vilje litt for mykje ris dagen før, så kan du enkelt lage steikt ris dagen etter. Denne versjonen viste eg fram på Instastories, og det var mange som ville gå i gong og gjere det same. Her får du den enkle oppskrifta!

enkel restemiddag

Steikt ris med grønsaker

steikt ris med grønsaker

For å smaksette denne steikte risen brukte eg Helios sitt nye Allround-krydder, med mellom anna paprika, merian, pepar, kvitløk og himalayasalt. Ei perfekt kvardagsblanding som er kjekk å ha i krydderskuffa! Har du ikkje sikra deg ei boks enda kan du sjølvsagt bruke tilsvarande krydder, og blande saman din eigen kryddermiks.

steikt ris med grønsaker

Når det er sagt så må eg sei at eg diggar den nye krydderserien til Helios! Det er akkurat det som har mangla på kjøkkenet her. Ein fullverdig økologisk krydderserie med det flotte designet. Pluss i margen for namn på krydderet både på toppen av boksa og på sida. Og dei freshe fargane då. Eg gler meg til å eksperimentere meir med alle boksane!

Oppskrift på Steikt ris med grønsaker

1-2 porsjon / Tid: 30 min

Steikt ris med grønsaker

  • 1,5 dl (rå)ris
  • 3 dl vatn
  • 1 søtpotet
  • 1 ss kokosolje
  • 2 sjampinjong
  • 1/2 rødløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 65 g spinat
  • 1 ts Helios Allround-krydder

Avokado-hummus

  • 225 g kikerter
  • 1 avokado
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss tahini
  • 1 ss sitronsaft
  • ca 1 dl god olivenolje
  • 1/2 ts Helios chiliflak
  1. Kok opp ris og vatn i ein liten kasserolle og la småkoke under lokk til risen er ferdig og vatnet har kokt inn. det tek ca 20 min.

  2. Skrell og del søtpotet i terningar. Smelt kokosolje i ei steikepanne og ha søtpotet-terningane i. La steike under lokk på ganske høg varme slik at dei blir bruna og gjennomsteikte. Rør under vegs, dette tek ca 15 min.

  3. Del opp sjampinjong, løk og kvitløk. Skyl og rens spinaten.

  4. Ta søtpotetbitane ut av steikepanna, og ha i litt ny olje. Steik sjampinjongen til den har blitt bruna, tilset så løk og kvitløk og steik til løken blir blank.

  5. Ha i den ferdigkokte risen, den steikte søtpoteta og spinatblada. Fres vidare til spinaten har fallt saman og ha på krydderet.

  6. Lag avokado-hummus ved å køyre alle ingrediensane saman i ei matmølle. Kikertene skyl du i eit dørslag før du har dei i, og chiliflaka strør du på toppen til slutt.

  7. Server steikt spinat med grønsaker saman med avokado-hummus. Velbekomme!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.