Kyllingwok med chili og cashewnøtter
Denne retten er i likheit med black pepper beef ein sikker vinnar å bestille på restaurant eller i dei mange food court’ane her i Asia. Den finnast i utallige variantar og etter tråling i dei nyinnkjøpte kokebøkene og på nett fann eg ein versjon som passa for oss. Her i Kuala Lumpur får vi kjøpt store pakkar med tørka raud chili, men om du ikkje får tak i det kan du sjølvsagt bruke fersk chili eller «chili flakes» (samme type som brukt i tacokrydder-oppskrifta).
Til 3-4 personar treng du:
Saus:
- 2 ts soyasaus
- 2 ss ketjap manis (sweet soya sauce)
- 2 ss thai fiskesaus
- 1,5 ss brunt sukker
- 2 ss vatn
Wok:
- 2 ss olje
- 3-4 (500-700 g) kyllingfiletar
- 3 fedd kvitløk
- 1-2 løk
- 4-5 tørka raude chili (eller 1 ts chili flak, og smak til)
- 100-150 g cashewnøtter
- 1-2 vårløk
- 1 raud paprika
- 1 gul paprika
- 1 grøn paprika
Slik gjer du:
- Rør saman sausen.
- Finhakk kvitløken og del løken i båtar.
- Del paprika, chili og vårløk i litt større bitar.
- Del kyllingen i bitar.
- Steik kyllingen i litt olje, ha over på ein tallerken og set til side.
- Fres kvitløk, løk og chili i litt olje til løken er blank.
- Ha i paprika, vårløk og cashewnøtter og la frese med i 1-2 minutt på høg varme.
- Ha kyllingen tilbake i woken.
- Hell over sausen og bland den godt inn. La sausen frese godt i panna. Ferdig!
- Servér med ris til; håper det smakar!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.