Black pepper sauce wok
Dette er ein av mine asiatiske favorittar og det var god stemning i heimen då vi fann ut av vi kunne lage sausen sjølv, utan å kjøpe ein ferdig pakke! Denne lagar du på få minutt, og eg tippar du blir rimeleg populær når de set dykk ned rundt bordet:)
Til 3-4 personar treng du:
- 400 g storfekjøtt (vi brukte indrefilet)
- 2 ss solsikkeolje eller kokosnøttolje
- 1 fedd kvitløk
- Ingefærrot på størrelse med ein tommel
- 1 raud paprika
- 1 grøn paprika
- 1 gul paprika
- 1 løk
- 2 ss sesamfrø
Saus:
- 1,5 dl oyster sauce
- 4 ts soyasaus
- 1,5-2 ts svart peppar
- 3-4 ts honning
- 2 ts kvitvin/eplejuice/eddik/riseddik
- 1 ts sesamolje
Slik gjer du:
- Rør saman alle ingrediensane til sausen.
- Del kjøtet i tynne skiver med ein skarp kniv.
- La kjøtet marienere i sausen i 15 min.
- Del paprika og løk i bitar/strimlar, la dei gjerne ha litt størrelse. Finhakk kvitløk og ingefær.
- Ha 1 ss olje i wok/steikepanna og steik biffbitane på medium/høg varme til dei er gjennomsteikte. Marinaden som blir igjen tek du vare på til seinare. Rør heile tida. Ha over på ein tallerken og set til side.
- Ha ny olje i panna og fres kvitløk og ingefær i eitt minutt eller to.
- Ha i paprika og løk, steik til løken blir blank.
- Ha i kjøtet igjen, hell over resten av marinaden og la det blir varmt.
- Strø over sesamfrø og server med ris.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.