Fastelavnsbolle med syltetøy og krem

fastelavnsboller med krem og syltetøy

Fastelavnsbolle med syltetøy og krem

Det nærmar seg den søndagen i året igjen! Den med krem og bollar og syltetøy –all over the place. Fastelavnsbollar er absolutt finast å sjå på før nokon tek ein bit av den, då handlar det berre om å få i seg mest mogleg av godsakene utan å sitte igjen med for mykje gris på fingrar, duk og kle.

fastelavensboller

Finnast det eigentleg ein god teknikk for å ete desse?

Det får ikkje hjelpe, er det fastelavn så er det fastelavn, og då trengst det bollar med syltetøy og krem! Massevis av syltetøy og krem!

Fastelavnsbolle med syltetøy og krem Fastelavnsbolle med syltetøy og krem verdens beste boller fastelavnsboller med krem

Denne bolleoppskrifta er opprinneleg frå Schakenda sine kanelsnurrar.

Oppskrift på Fastelavnsbolle med syltetøy og krem

24 bollar / 12-16 porsjonar / Tid: 3 t

Bollar

  • 900 g kveitemjøl + litt ekstra til utbaking
  • 5 dl H-mjølk
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 150 g sukker
  • 1,5 ts kardemomme
  • 1/2 ts salt
  • 1 egg
  • 150 g smør
  • 1 egg til pensling

Fyll

  • Syltetøy
  • 3 dl kremfløyte
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ss sukker
  1. Varm mjølka til den er fingervarm, ha den i ein eltebolle.
    Ha i kveitemjøl, sukker, tørrgjær, kardemomme, salt og egg.
    Elt på middels fart i ca ti min.

  2. Ha i smør delt i terningar og elt vidare i ti nye min, til du har ei jamn deig.
    Dekk til og la heve til dobbel storleik, 1-2 timar.

  3. Del opp i 24 emner og trill runde bollar. Bruk litt mjøl dersom deiga er veldig klissete.
    Set bollane på bakepapirkledd steikebrett og la ettereve under klede, ca 30 min.

  4. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  5. Visp saman egget og pensle bollane, steik eit brett i gongen til dei er gylne, 15-17 min.
    Avkjøl på rist.

  6. Visp kremfløyte med sukker og vaniljesukker og server nysteikte bollar med luftig krem og godt syltetøy, gjerne med eit lite dryss av melis på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.