Speltsnurrar med bringebær og pistasjenøtter

Speltsnurrar med bringebær og pistasjenøtter er ein vri på dei tradisjonelle kanelsnurrane som er så populære i heimen. Bringebær og pistasjenøtter smakar nydeleg i lag og funkar godt i staden for kanel og sukker. Ved å lage snurrane med speltmjøl i staden for kveitemjøl blir dei mildare mot magen, og det er jo ein god bonus.

spelt bake

Speltsnurrar med bringebær og pistasjenøtter

speltsnurrar med bringebær og pistasje

For å få deiga best mogleg brukar eg kald mjølk, og let deigen heve i minst to timar. Det vil seie at dette er noko eg bakar når eg har god tid, eller når eg kan sette deigen først og så ta den igjen ved eit seinare høve. Helgeaktivitet med andre ord. Set deigen før/etter frukost og ta den igjen til lunsj. Då lovar eg luftig og god bakst.

speltsnurr med bringebær og pistasje
speltsnurr med bringebær og pistasje

Oppskrift på Speltsnurrar med bringebær og pistasjenøtter

ca 36 skta / 16 porsjonar / Tid: 3 t

Bolledeig

  • 5 dl H-mjølk
  • 150 g sukker
  • 1 ts kardemomme
  • 1/2 ts salt
  • 2 ts tørrgjær
  • 1 egg
  • 900 g speltmjøl + ekstra til baking
  • 150 g smør

Fyll

  • 5-6 ss bringebærsylte
  • 4-5 ss hakka pistasjenøtter
  1. Ha mjølk, sukker, gjær, speltmjøl og egg i bakebollen. Elt, gjerne i kjøkkenmaskin, til det er ei jamn deig.

  2. Ha i smør i terningar og elt vidare i ca ti minutt, til det er i jamn deig som slepp bakebollen. Dekk til bakebollen med ein stor tallerken eller eit kjøkkenhåndkle og la heve. Deigen kan anten heve i kjøleskap over natta eller på benken i ca 2 timar.

  3. Ha deigen på mjøla bakebenk og kjevle eit rektangel med ca 0,5 cm høgde. Fordel bringebær og pistasjenøtter utover deigen.

  4. Ta tak i eine langsida og brett deigen over seg sjølv. Del opp i remser. Tvinn remsene og set dei på bakepapirkledd steikebrett. La etterheve under klede i 20-30 minutt.

  5. Steik eitt brett i gongen på 200 grader over- og undervarme i 10-15 minutt. Til dei er gylne over og under.

  6. Avkjøl bollane på rist. Pynt gjerne med ekstra syltetøy og nøtter ved servering.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.