Klippekrans

Klippekrans hugsar du kanskje? Det er i allefall så standard gjærbakst frå skulekjøkkentida som eg kan hugse. Men framleis like populær når den kjem på bordet. Og så lukta den legg igjen i huset då. Mmmm! Det luktar nydeleg resten av dagen, og det er verdt hevetida i seg sjølv!

klippekrans

Klippekrans

For å lage klippekrans har eg teke utgangspunkt i Schakenda-gjærdeiga. Du veit den metoden der du eltar inn smøret til slutt? Den deiga er alltid suksess! Om det var Schakenda som starta med det eller ikkje veit eg ikkje, men for min del blir den alltid heitande det, sidan det var i hans bok eg las det først.

klippekrans klippekrans

Eg har halvert deiga eg normalt brukar, slik at kransen ikkje skal bli for stor. Du kan sjølvsagt lage heile deiga med 5 dl mjølk, og så lage eit brett med kanelsnurrar i tillegg til klippekransen. Det kan jo vere kjekt å ha ein pose kanelsnurrar liggande i fryseboksen til ein kald vinterdag. Eller så kan du gjere som i oppskrifta under her, som er tilpassa til ein klippekrans.

klippekrans

 

Oppskrift på Klippekrans

6-8 porsjonar / Tid: 3 t

  • 2,5 dl H-mjølk
  • 75 g sukker
  • 1 ts kardemomme
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1/2 ts salt
  • 1 egg
  • 75 g smør
  • 450 g kveitemjøl + litt ekstra
  • 2-3 ss mjukt smør
  • 2-3 ss kanel
  • 2-3 ss sukker
  • 1 egg til pensling
  • 2-3 ss perlesukker til pynt
  1. Varm mjølka til ho er fingervarm. Ha den i ein bakebolle og tilset sukker, kardemomme, gjær, salt, egg og kveitemjøl.

  2. Elt saman på sakte fart i 5-10 minutt til du har ei jamn deig.

  3. Del smøret i terningar og ha det i bakebollen, elt vidare i 5-10 minutt til du har ei jamn deig igjen.

  4. Dekk til bakebollen (eg brukar ein middagstallerken) og la deiga heve i 1 time, til den har blitt nær dobbelt så stor.

  5. Bruk godt med mjøl på bakebordet og kjevle eit rektangel på omlag 40 x 80 cm.

  6. Smør utover mjukt smør og strø sukker og kanle over.

  7. Rull saman deiga, som ei rullekake, og legg den over på eit bakepapirkledd steikebrett. Bruk ei saks og klipp gjennom kransen, nesten heilt til botnen, med ca 2 cm mellomrom. Legg skivene til kvar si side, annakvar gong rundt heile kransen.

  8. Dekk til kransen med eit klede og la etterheve i 30 min.

  9. Pensle kransen med eit samanvispa egg og strø over perlesukker.

  10. Steik kransen midt i omnen på 200 grader over- og undervarme til den er gyllen under. Dette tek ca 30 minutt, men følg med, din omn kan vere annleis enn min.

  11. Avkjøl kransen på ei rist og vent minst 15-20 minutt før du deler den i stykker.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.