Kanelsnurr med spelt

Kanelsnurr er alltid populært å servere her i heimen, eller ute på tur. Difor har vi ofte ein brødpose full av kanelsnurrar i frysaren, klar for å rykke ut i skog og mark med noko godt i sekken. Denne gongen har vi laga dei med spelt, som blir rekna for å vere litt mildare mot magen. Godkjent av kanelsnurr-banden og dermed klar for å bli servert på bloggen!

verdens beste kanelsnurr

Kanelsnurr med spelt

speltsnurr

Før du spør; ja perlesukkeret er kjøpt i Sverige. Det ser heilt identisk ut som det vi har i Norge utanpå, anna enn at det står på svensk då. For ei som bur så langt vest som ein kan kome i dette landet, blir det sjeldan tur over grensa for å handle. Men perlesukker held seg heldigvis lenge, så ferieturen for to år sidan varer framleis. Målt i perlesukker i allefall.

kanelsnurr med spelt

Men om du har svensk perlesukker eller ikkje, gode kanelsnurrar blir det uansett. Håper dei fell i smak! Lukke til:)

Oppskrift på Kanelsnurr med spelt

ca 16 stk / 8-10 porsjonar / Tid: 3 t

Bolledeig

  • 5 dl H-mjølk
  • 150 g sukker
  • 1 ts kardemomme
  • 1/2 ts salt
  • 2 ts tørrgjær
  • 1 egg
  • 900 g speltmjøl + ekstra til baking
  • 150 g smør

Fyll

  • 3-4 ss mjukt smør
  • 1-2 ss kanel
  • 2-3 ss sukker

Topping

  • 1 egg
  • 1 ss mjølk
  • 2-3 ss perlesukker
  1. Ha mjølk, sukker, gjær, speltmjøl og egg i bakebollen. Elt, gjerne i kjøkkenmaskin, til det er ei jamn deig.

  2. Ha i smør i terningar og elt vidare i ca ti minutt, til det er i jamn deig som slepp bakebollen. Dekk til bakebollen med ein stor tallerken eller eit kjøkkenhåndkle og la heve. Deiga kan anten heve i kjøleskap over natta eller på benken i ca 2 timar.

  3. Ha deigen på mjøla bakebenk og kjevle eit rektangel med ca 0,5 cm høgde. Fordel smør, kanel og sukker utover deigen.

  4. Ta tak i eine langsida og brett deigen over seg sjølv. Del opp i remser. Tvinn remsene og set dei på bakepapirkledd steikebrett. La etterheve under klede i 20-30 minutt.

  5. Visp saman egg og mjølk og pensle bollane. Strø perlesukker over.

  6. Steik eitt brett i gongen på 200 grader over- og undervarme i 10-15 minutt. Til dei er gylne over og under.

  7. Avkjøl bollane på rist.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.