Schakenda kanelsnurrar

Schakenda kanelsnurrar er ein stor favoritt her i huset, og har nesten danka ut kanel-i-svingane som eg vaks opp med. Brukar du metoden han har lært oss frå kokeboka si med å tilsette smøret til slutt er du garantert fantastiske kanelbollar!

kanelsnurr

Schakenda kanelsnurrar

Dei kanelsnurrane som blir til overs kan du pakke i brødposar og legge i frysaren. Ta med ein pose i sekken på veg til fjells eller la dei tine på benken før du varmar dei nokre minutt på 150 grader varmluft. Nydelege!

Har du lyst til å lage kanelsnurrar som er litt mildare for magen? Då finn du oppskrifta med bruk av spelt i staden for kveitemjøl her. Der kan du også lese om kvar eg har funne det krittkvite perlesukkeret.

Oppskrift på Schakenda kanelsnurrar

ca 16 stk /8-10 porsjonar / Tid: 3 t

Deig

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll

  • Mjukt smør
  • Sukker
  • Kanel

Topping

  • 1 egg
  • 1 ss mjølk
  • Perlesukker
  1. Ha 900 g mjøl, mjølk, sukker, salt, egg, kardemomme og gjær i ei kjøkkenmaskin. Resten av mjølet sparer du til utbaking og justering av deiga seinare. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.

  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
    Dekk bakebollen med ein stor middagstallerken eller eit lokk og la heve så lenge du har tid, gjerne 1-2 timar.

  3. Kna deiga med hendene, og kjenn etter om den er for klissete. Elt inn meir mjøl, eller bruk godt med mjøl på benken ved utbaking for å få den slik du vil.

  4. Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
    Brett deiga ein gong og del opp i 1-2 cm tjukke strimlar.
    Tvinn strimlane og snurr/knyt dei før du legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett. (Eg får ofte hjelp av to ivrige smågutar, og dei raraste snurrane blir til dei flottaste bollane når dei er ferdigsteikte).

  5. Dekk med eit reint kjøkkenhandkle og la etterheve medan omnen varmar seg opp til 180 grader over- og undervarme.

  6. Visp saman egg og mjølk og pensle bollane og strø eventuelt perlesukker på.
    Steik i 15-17 min, til bollane er gylne.

  7. Avkjøl på rist og nyt nybakt gjærbakst.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.