Kanel i svingane (Skillingsbolle)

kanel i svingane

Kanelbollar er aldri feil, og noko mine næraste aldri kan få nok av! Vi har stort sett laga kanelsnurrar sidan Schakenda si oppskrift kom i hus, men no var det på tide å lage dei gode gamle kanel-i-svingane som eg vaks opp med. Mmmm….! Eg kan kjenne lukta berre ved å sitte å skrive dette, det er verkeleg ei av dei beste luktene som finnast! Nysteikt gjærbakst med kanel og sukker -what’s not to like?;)

kanel i svingane

Til ca 24 bollar treng du:

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl H-mjølk (37 grader)
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll:

  • Smør
  • Kanel
  • Sukker

Pynt:

  • 1 egg
  • Perlesukker

kanelbolleSlik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
  4. Kjevle deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
  5. Rull saman til ei lang pølse og del opp i 1 cm tjukke skiver med ein skarp kniv.
  6. Legg på bakepapirkledd steikebrett eller legg ein og ein i kvar sin muffinsform. Brett muffinsformen litt uttover i tilfelle.
  7. La etterheve medan omnen varmar seg opp.
  8. Set steikeomnen på 180-200 grader. Pensle med egg og strø eventuelt perlesukker på. Steik i 15-17 min.
  9. Avkjøl på rist.

Kanelbollane eignar seg godt for frysing. Tin dei og varm dei 2-3 minutt på 150 grader -nesten som nysteikt!

kanelbolle

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.