
Sommarferien 2017
Så var den overstått. Sommarferien 2017. Deilige veker med late morgonar blanda med fullpakka dagar med kjappe morgonar. Det gjeld å nytte tida for å nå over alt ein vil i desse deilige vekene, og så gjeld det å setje av tid til gjere ingenting. Variasjon og lett planlegging er nøkkelen for at alle i familien skal bli nøgde, og det trur vi faktisk at vi fekk til.
Vi har vore både på fjellet, i byen, i telt, på hotell, på hytte og på campingplass. Bilen var så stappfull av soveposar, sengkle, telt og anna at det ikkje var råd å kjøpe med seg noko. Turen innom IKEA var dermed berre å hoppe lett over, til glede for resten av familien. Men det gjekk fint altså!
I staden samla vi ein haug med fine opplevingar og eit lass med bileter. Vi fekk bada både i fjellvatn og i sjøen, sykla langs Göta Kanal, padla kajakk og ete mykje god mat. I nokolunde rekkjefølgje får du eit glimt her frå Rondane, Beitostølen, Bitihorn, Brimi Klatrepark, Oslo, Mariestad i Sverige og til slutt ein elg på Lom.
Håper du har hatt ein fin ferie òg!















































Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!