Vekemeny 36

Vekemeny 36 er på plass, og dermed er også den store veka for bokslepp, God Morgen Norge og boklansering i boks. Phju! For ei festveke det blei. Igjen: tusen takk!

Vil du lese meir om korleis boka blei til finn du eige innlegg om det her, og vil du sjå bileter frå boksleppet så finn du eit innlegg om det her.

vekemeny 36

Ha ei fin-fin september-veke! Her blir det ei roleg veke med fordøying av mange fine stunder i veka som har gått.

Helsing smilande kokebokforfattar Anita:)

Mandag

brokkolisalat

Brokkolisalat

Brokkolisalat er nydeleg sommarmat og funkar både som eigen rett eller som deilig tilbehør til sommarmat. Det er verken potetsalat, waldorfsalat eller pastasalat -men liksom noko midt i mellom alle… Fortsett å les »

Tysdag

Jukse-bacalao

Mitt første møte med heimelaga Bacalao var på Lofoten Folkehøgskule for over ti år sidan -forøvrig ein folkehøgskule som anbefalast på det varmaste for dei som er så heldige å… Fortsett å les »

Onsdag

ovnssteikt lapskaus

Gratinert lapskaus

Gratinert lapskaus er perfekt kvardagsmat som krev få ingrediensar. Ei frosen lapskausblanding frå frysedisken, nokre pølser, poteter og mjølk spelar hovudrollene. Kjapt forklart freser du lapskausblandinga og pølsene i ei… Fortsett å les »

Torsdag

sushi

Sashimi med vårløk og spicy saus

Sashimi er tynne skiver av rå fisk med smakfull saus til. Dette er verkeleg ein av dei rettane som tek null tid å lage og smakar skikkeleg digg. Perfekt når… Fortsett å les »

Fredag

curry kylling

Garam masala kylling

Garam masala er ei form for curry, der garam er hindi for varm og masala tyder blanding. Ei varm blanding i munnen når du et. Bortsett frå det kan ei… Fortsett å les »

Laurdag

tex-mex

Tex-mex form med bønner og ris

Dette er ei skikkeleg digg og enkel taco-form som er lett å like. Kosemat som kan etast med berre ein gaffel eller ei skei, gjerne oppattvarma tilbakelent i sofaen. Retten… Fortsett å les »

Søndag

omnsbakte beter

Omnsbakte beter

Omnsbakte beter er ein nydeleg måte å bruke haustens rotgrønsaker på. Betene blir nemleg søte og nydelege på smak når dei blir bakte i omnen. Dei kan nytast åleine som… Fortsett å les »

Noko godt

vaniljeis med sjokoladebitar

Vaniljeis med sjokoladebitar

Heimelaga is er fantastisk! I denne klassikaren er det vaniljeis saman med hakka sjokolade -og det funkar alltid. Absolutt min favoritt. Har du små yoghurtbeger eller liknande kan du lage… Fortsett å les »

Brødmat

polarbrød med havre

«Polarbrød» med havregryn

«Polarbrød» med havregryn er populært å ha med i matpakken både for små og store. Desse heimelaga var ikkje mindre populære enn dei butikk-kjøpte. Og ja vi kjøper faktisk buttikbrød… Fortsett å les »

Vekas kake

enkel bløtkake

Bløtkake med bær

Bløtkake med bær høyrer til når det er fest og feiring. Eit sukkerbrød med krem og søte, friske bær er noko som både små og store likar å få servert…. Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.