Reklame

Bokslepp

Torsdag 30. august inviterte forlaget og eg inn til sleppfest for kokeboka Kvardagsmat. Det var fullt hus og herleg stemning, krydra med goodie-bags, eplejuice og sjølvsagt signering av nytrykt bok. Tusen takk til alle som kom, og tusen takk til alle som hadde lyst å kome men ikkje fekk plass. Aldri i verda om eg hadde trudd at vi hadde valt eit for lite lokale! Hurra finaste heiagjengen <3

Vil du bestille boka på nett så har Haugen Bok eit godt tilbod her. Dei leverer fraktfritt i Norge!

bokslepp

boksleppBokslepp

Det har kome nokre spørsmål både på Snap, Insta og under boksleppet. Så her kjem ei lita oppsummering av kokeboka:)

boksleppKokeboka Kvardagsmat har fokus på middagar, sidan det var dette eg synest var vanskelegast å finne matglede i på ein travel kvardag. Det finnast både veganske og vegetariske rettar, kategorisert bakerst i boka. Dei fleste rettane er glutenfrie, eller kan enkelt gjerast glutenfrie ved å bytte til glutenfri pasta/lasagne/mjøl. Dette er uttesta med godt resultat her heime.

bokslepp

Tusen takk til Helios som stilde med gåve til alle som kom, og fantastiske goodie-bags til tre heldige vinnarar! Kjekt med samarbeidspartnarar som alltid er positive!

Boka kan kjøpast på bokhandel, det er berre å spørre etter den slik at dei tek den inn:) Viss ikkje har altså Haugen Bok eit godt tilbod her.

bokslepp  bokslepp

Håper du likar boka! Og at den blir mykje brukt:)

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for eiga kokebok

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.