Reklame

HURRA! NYTT OPPLAG AV KOKEBOKA!

Hurra! Hurra! Hurra! De er verdas finaste lesarar og bok-kjøparar! Det er takka vere dykk at førsteopplaget snart er tømt frå lageret, og at det nye er i trykken. Tusen takk – det er så stas!

HURRA! NYTT OPPLAG AV KOKEBOKA!

HURRA! NYTT OPPLAG AV KOKEBOKA!

Eg veit at mange har ønska seg boka i julegåve, eller vil gi den til nokon dei er glade i. Perfekt omtenksam gave spør du meg. Sunn, heimelaga mat som alle kan klare. Heimelaga -men enkelt, har heile tida vore min måte å tenke på her på bloggen og det har eg vidareført i boka også.

I boka finn du 65 enkle oppskrifter på mat for kvardagen, med ingrediensar som finnast på alle butikkar. Du treng ikkje vere matentusiast for å gå i gong, og alt er detaljert forklart slik at du skal få det til på første forsøk. I kokeboka finn du eksklusive oppskrifter som ikkje er publisert på bloggen, saman med lesar-favorittane. Du får lese korleis vi planlegg middagskabalen her i heimen, og eg deler mine tips for bruk av restemat.

HURRA! NYTT OPPLAG AV KOKEBOKA!

Les Hobbykokken sin omtale av boka her. Eg kan avsløre at han har gitt kokeboka terningkast FEM! Det er eg mektig stolt over.

Har du nokon du vil glede med litt matglede under juletreet? Klikk her for å bestille boka med maks rabatt og fri frakt. Totalt kr 349,-

Årets julegåvetips der altså! Bestill no, så har du den i postkassa i god tid før jul:)

HURRA! NYTT OPPLAG AV KOKEBOKA!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Eiga kokebok

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.