Reklame

Bloggen feirar 5 år: vinn signert kokebok!

Bloggen feirar 5 år og det må feirast! Og når dette skal feirast så er det jo sjølvsagt de kjekke brukarar av Kvardagsmat som må få gåvene. Du har moglegheita til å vinne signert kokebok, og for at flest mogleg skal kunne delta, trekker eg ei kokebok både på Facebook, Instagram, YouTube og frå e-postlista. Det vil seie at du har moglegheit til å delta 4 gongar:)

Bloggen feirar 5 år: vinn signert kokebok!

Bloggen feirar 5 år: vinn signert kokebok!

Oppdatering 16.10.18: Vinnarane er kåra:

1. Facebook Maria Svanes Sæstad

2. Instagram Anne Eklund @frken_anne

3. You-Tube Maren Rolfsdatter Øvstedal

4. E-postliste Jan Melting

GRATULERER! Sjekk epost/melding på Facebook eller ta kontakt på anita@kvardagsmat.no for ønska adresse den skal sendast til:)

Vinnaren blei trekt ved hjelp av random.org og Fanpage Karma´s Good Luck Fairy. Takk til alle som deltok!

Bloggen feirar 5 år: vinn signert kokebok!

Det er altså 5 år sidan eg laga ein eigen Instagramkonto og starta det som skulle bli denne matbloggen. Eg tenkte at det hadde vore stas med 150 følgarar, og at eg no kunne poste matbileter utan å irritere livet av mine næraste. Men så viste det seg at enkel heimelaga mat var noko mange andre også var interesserte i, og Instagram blei til blogg og Facebook-side også.

Det er framleis like stas når nokon sender meg bilete av maten dei har laga frå bok eller blogg. Og det er ingenting som gler meg meir enn å sjå at matgleda smittar vidare. Ingenting er vanskeleg når du kan det, men det krevst nysgjerrigheit og vilje for lære seg noko nytt.

Bloggen feirar 5 år: vinn signert kokebok!

Når det er sagt så har matbloggen lært meg vanvittig mykje. Alt frå betre rettskriving til fotografering. Det såg eg kanskje føre meg då eg starta. At server-bytte, HTML-koding, webhotell, pop-up skjema og FTP skulle bli noko eg måtte kunne litt om visste eg derimot ikkje. Då boka gjekk i trykken i år var eg minst like stolt over at eg hadde klart å bytte server på bloggen på eige iniativ, som at boka var klar. Det låg nokre timar med YouTube-læring og googling bak det, foråsseireisånn! Men du kor kjekt å lære noko nytt!

 

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for eiga kokebok

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.