Reklame

Ei kokebok blir til

Det er mange som har spurt om korleis prosessen har gått føre seg og korleis det har vore, og eg har lova eit oppsummeringsinnlegg. Sidan målet er innan rekkevidde får du her mi historie om korleis det har vore å skrive kokebok. Og på fredag kan du endeleg få sjå resultatet!

Det heile starta i januar 2017. Då fekk eg ein veldig kjekk telefon frå det som skulle bli redaktøren av boka mi. Ylva frå Skald tok meg på senga og foreslo bokskriving. Då måtte eg tenke meg om både ein og to gongar. Eit bokprosjekt på toppen av det heile? Hadde eg verkeleg tid til det? Etter litt fram og tilbake fann vi ut at ei moglegheit var å vente til 2018 med å gi den ut. Det gav ro og god tid til å få boka akkurat slik vi ønska.

ei kokebok blir til

Før utgangen av 2016 hadde eg nemleg bestemt meg for at 2017 skulle bli eit rolegare år enn 2016, der det gjekk i 100 heile året. Så eg hadde allereie starta året med å takke nei til foredrag, eventar, oppdrag og reklame-jobbar. Med jobb ved sidan av bloggen hadde eg inntekt på plass, og bloggen skulle vere ein kjekk hobby, men ikkje ta alt av fritid.

Eg ville ha meir tid til fjellturar, skiturar, båtturar og familieliv. Eg prøvde å lage eit skilje på det som var jobb og det som var fritid, ei rimeleg umogleg oppgåve. Men det funka. 2017 blei eit fantastisk år, med ei kokebok svanger i bakhovudet. Eg fekk god tid til å tenke ut korleis eg ville at boka skulle vere, og korleis ho ikkje skulle vere.

Ei kokebok blir til

I haustmørket starta eg prosessen med å skrive, etter å ha drodla litt fram og tilbake med forlaget. I oktober sende eg inn førsteutkastet og konsept-skissa, og då november kom var det berre å brette opp ermene og skrive. Eg er stor fan av metoden «litt kvar dag», og begynte difor å stå opp ein time tidlegare for å skrive før jobb. Er det ikkje slik Knausgård har skreve sine bøker? Med lys og god kaffi blei det litt meir bok for kvar dag. I juleferien brukte eg fridagane til å skrive intensivt, og det blei mange helgar i januar og februar der gutane i huset blei sendt ut eller på hytta.

kokebok: kvardagsmat

I slutten av februar var teksten og oppskiftene på plass, men bileta til dei fleste oppskriftene mangla. Heldigvis kom dagslyset meir for kvar dag, og det gav både lyst og energi til å ta bilete. Eg hadde frist for meg sjølv å vere ferdig før påskeferien, slik at eg slapp å halde på med det den veka og heller få vere med på hytta. Det gjekk akkurat!

Eg hadde gjort min del av arbeidet, no var det berre å nyte siste innspurt og samarbeide med designar for utforming av boka. Teksten gjekk til språkvask eit par gongar, og eg hadde også nokre kjekke veninner som las korrektur både på mengdemål og tekst. Det var gull! Det er ikkje tvil om at ein les seg heilt blind på eit så stort og langvarig prosjekt.

ei kokebok blir til

I prosessen med å velje framside har det vore mange alternativ, og tilslutt landa vi på to stykker som vi var nøgde med. Sidan eg fekk ha siste ordet nytta eg høvet til å spørje på sosiale medier, og heldigvis var bittelitt av fleirtalet enig med mi magekjensle, og framsida fekk ståande tekst.

Så var det berre å ta sommarferie og vente. Og snart er ventetida over! Fredag er kokeboka å finne i butikk, og kvelden før blir det bokslepp på Kunsthuset her i Ørsta. Du er hjarteleg velkommen! Meld deg på arrangementet på Facebook her. Det blir mini-foredrag med tips om korleis få tid til heimelaga mat i kvardagen, gåve til alle, trekning av goodi-bags og sjølvsagt høve til å kjøpe (signert) kokebok. Fyttikatta! #klypmegiarmen

ei kokebok blir til

Så håpar eg at du som les bloggen Kvardagsmat likar boka, og kjem til å bruke den. For utan dykk hadde det aldri blitt kokebok. Så frå meg til deg: tusen takk for tilliten!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for eiga kokebok

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.