Besøk i God Morgen Norge

Besøk i God Morgen Norge var akkurat like hyggeleg som det ser ut som på TV! Wenche var smilande blid og lett å snakke med. Å samarbeide med henne var ein draum, ho hadde stålkontroll, det var berre for meg å følge henne og stå smilande ved sidan av. Nesten i allefall;)

besøk i god morgen norge

Besøk i God Morgen Norge

besøk i god morgen norge

Først var det intervju med Vår i sofaen, og så var det på kjøkkenet med Wenche. Det var to små snuttar med oss først, og så hovudinnslaget til slutt der vi laga fiskegrateng og pastarett. Wenche hadde gjort alt klart, så vi småprata og hang berre i kjøkkenet eller på bakrommet når det var andre gjestar og innslag.

Sidan eg veit at det var fleire som ikkje hadde moglegheit til å sjå innslaget direkte har eg samla innslaga under her:

Intervjuet i sofen finn du her.

Stunda på kjøkkenet med fiskegrateng og pasta finn du her.

besøk i god morgen norge besøk i god morgen norge besøk i god morgen norge god morgen norge god morgen norgegod morgen norge

Tusen takk for hyggelege tilbakemeldingar, med slike kjekk heiagjeng er det null stress å gjere slike ting som er langt utanfor komfortsona;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.