Vaniljeis med sjokoladebitar

vaniljeis med sjokoladebitar

Heimelaga is er fantastisk! I denne klassikaren er det vaniljeis saman med hakka sjokolade -og det funkar alltid. Absolutt min favoritt. Har du små yoghurtbeger eller liknande kan du lage herlege porsjonsformer slik at du har klar når isbehovet melder seg akutt. Viss ikkje kan du lage i ei brødform eller eldfastform som tåler frys, slik eg har gjort her.

heimelaga is

Til ei form på omlag 1 liter treng du:

  • 4 dl h-mjølk
  • 4 dl kremfløyte
  • 6 eggeplommar
  • 300 g sukker
  • 1 vaniljestang
  • 100 g mørk sjokolade
hjemmelaget iskrem

Slik gjer du:

  1. Splitt vaniljestanga og ha den i ei panne saman med mjølk og fløyte. Varm opp til det ryk, men ikkje kok. Avkjøl litt.
  2. Pisk sukker og eggeplommar, hell den lunka mjølkeblandinga forsiktig i (gjennom ei sil slik at du får ut vaniljestanga) og bland godt. Avkjøl heilt (gjerne i kjøleskap over natta).
  3. Bland i hakka sjokolade før du har isen i ismaskin. Har du ikkje ismaskin set du den i frysaren og rører kraftig kvar halvtime (omlag fire gongar) for å unngå iskrystallar.
  4. Verdas beste vaniljeis klar til servering!
hjemmelaget is

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.