Tex-mex form med bønner og ris

tex-mex form med bønner og ris

Dette er ei skikkeleg digg og enkel taco-form som er lett å like. Kosemat som kan etast med berre ein gaffel eller ei skei, gjerne oppattvarma tilbakelent i sofaen. Retten er god nok til å serverast på ein helgekveld med familien men likevel enkel nok til å lagast på ein heilt vanleg kvardag, så her er det berre å gå i gong på kjøkkenet. Varier mengden chili alt etter kor sterkt du eller borna vil ha det.

Tex-mex form med bønner og ris

Til 4-6 personar treng du:

  • 400 g kjøttdeig
  • 2 dl jasminris
  • 2 ts olivenolje eller kokosolje til steiking
  • 1 raud paprika
  • 1 liten løk
  • 1/2 raud chili
  • 2 ss tacokrydder
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts spisskummen
  • 1/2 ts koriander
  • 1/2 ts peppar
  • 400 g svarte bønner
  • Cheddar og mozzarellaost til topping
  • Tortillachips og lime
tacoform

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 180 grader.
  2. Skyl risen godt i eit dørslag, og kok 2 dl ris med 4 dl vatn.
  3. Del løk og paprika i bitar og finhakk chilien.
  4. Steik kjøttdeiga til den er gjennomsteikt og ha i løken siste minutta og steik med til den blir blank.
  5. Ha over tacokrydder, paprika og chili og bland godt.
  6. Skyll bønene godt i eit dørslag før du har dei over kjøttdeiga.
  7. Bland inn spisskummen og koriander i den ferdigkokte risen, og bland ris og kjøttdeig.
  8. Krydre med salt og peppar.
  9. Ha over i ei eldfast form, strø ost på toppen og gratiner i 10-15 minutt til osten har smelta.
  10. Server med tortillachips og lime til:)

tex-mex formInspirasjon til denne retten fann eg i det australske bladet “Clean Eating” mar/apr 2015 utgåva, men laga med eigen vri.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.