Gratinert lapskaus

Gratinert lapskaus er perfekt kvardagsmat som krev få ingrediensar. Ei frosen lapskausblanding frå frysedisken, nokre pølser, poteter og mjølk spelar hovudrollene. Kjapt forklart freser du lapskausblandinga og pølsene i ei steikepanne, har over tynn potetmos og gratinerar i omnen. Barnevenleg og godt!

 Gratinert pølselapskaus Gratinert lapskaus

Du kan sjølvsagt bytte ut lapskausblandinga med friske rotgrønsaker i staden, eller suplere med det du har i grønsakskuffen. Gulrot, potet, sellerirot, pastinakk og purre er fint å bruke. Pølsene som skal i kan du bytte ut til ein litt meir krydra versjon om du vil, eller ein vegetarversjon om du vil lage det.

Gratinert pølselapskaus

Potetmosen på toppen skal vere tynn som ei suppe, slik at du enkelt kan helle den over lapskausblandinga før retten går i omnen. Heimelaga -men enkel kvardagsmat!

ovnssteikt lapskaus
Fekk du lyst på tradisjonell brennsnut i staden? Her finn du oppskrift.

Oppskrift på Gratinert lapskaus

4 porsjonar / Tid: 30-40 min

  • 400 g frosen lapskausblanding
  • 1 ss smør
  • 1 ss rapsolje
  • 6 grillpølser
  • 6 poteter
  • 1 ss smør
  • 2-3 dl mjølk
  • 1 egg
  • 1 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  1. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  2. Lag potetmos: Skell potetene, del dei i terningar og legg i ei lita kasserolle. Fyll på med vatn til alt er dekka og kok opp. La småkoke til potetbitane er møre, ca 10 min.

  3. Smelt smør og olje i ei steikepanne og fres lapskausblandinga. Rør minst mogleg i den, slik at det ikkje blir heilt most.

  4. Del grillpølsene i skiver og vend dei inn i lapskausblandinga. Krydre med salt og pepar.

  5. Hell av kokevatnet på potetene og ha i 1 ss smør. Mos godt med ein potetstappar og rør så inn mjølka. Du skal ende opp med ei tynn potetsuppe, så her må du justere alt etter kor store poteter du brukar. Rør inn egget i "potetsuppa" og hell alt over lapskausblandinga. (NB! Dersom steikepanna di ikkje kan setjast inn i steikeomnen må du ha blandinga over i ei eldfast form i staden.)

  6. Set panna midt inn i omnen og steik i 15 minutt, til toppen er gyllen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.