Garam masala kylling

indisk kyllingGaram masala er ei form for curry, der garam er hindi for varm og masala tyder blanding. Ei varm blanding i munnen når du et. Bortsett frå det kan ei garam masala krydderblanding variere mykje frå familie til familie, eller frå merke til merke. Det blir litt sånn at det ikkje er så nøye, det blir berre ein fin vri om du brukar ei anna blanding. På butikken finn du ferdigblanda Garam Masala eller så kan du blande di eiga. Eg blanda mi eiga i Asia der det var mykje lettare å få tak i eksotisk krydder enn kva det er i ei sunnmørsbygd, og nøyer meg med den ferdigblanda her heime. Har du ikkje Garam Masala kan du bruke karri i staden, og eventuelt smake til med litt chilipulver.

Denne versjonen skal steikast i omnen, og gir deg dermed god tid til å rydde opp på kjøkkenet og dekke bordet medan maten lagar seg sjølv. Bruk eit steiketermometer eller sjekk tipset forklart i framgongsmåten.

garam masala kyllingTil 3-4 personar treng du:

  • 1 heil kylling (eller bryst/lår)
  • 1 rødløk
  • 1 raud chili
  • 3 cm ingefær
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss olje
  • 2 ss garam masala
  • 400 ml kokosmjølk
  • 1 kartong (ca 300 g) hakka tomat

Raita (kan gjerne doblast):

  • ½ agurk
  • 3-4 ss gresk yoghurt
  • ¼ ts spisskummen
  • ½ sitron
  • salt og peppar
garam masala

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Finhakk løk, chili, kvitløk og ingefær.
  3. Varm oljen i ei steikepanne og surr løken til den blir blank.
  4. Ha i chili, kvitløk, ingefær og garam masala og fres i 2-3 minutt.
  5. Hell over hakka tomat og kokosmjølk og kok opp.
  6. Kjør glatt med stavmiksar eller blender (kan sløyfast).
  7. Del kyllingen i sommarfuglfasong (sjå steg for steg her), og legg i ei lita langpanne.
  8. Hell over garam masala-blandinga.
  9. Steik midt i omnen i ca 45 minutt, til det kjem klar væske utifrå lårfestet når du stikk med ein spiss kniv. Du kan også bruke steiketermometer i den tjukkaste delen av brystet og steike til termometeret viser 68 grader.
  10. Ta kyllingen ut av omnen og la kvile medan du rører saman raita og dekkjer på bordet.

raitaRaita:

  1. Riv agurken på eit rivjarn.
  2. Bland med yoghurt og sitronsaft.
  3. Strø over krydder, salt og peppar.

Kok gjerne ris og server nanbrød til.

curry kylling

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.