Sommarfugl-kylling med omnsbakte rotgrønsaker

butterfly kylling

Sommarfugl-kylling er heiltsteikt kylling bretta som ein sommarfugl. Du fjernar ryggbeinet på kyllingen (du kan også fjerne brystbeinet, men det er ikkje nødvendig), og brettar kyllingen flat slik at den ser ut som ein sommarfugl. Du finn bileter av prosessen lenger nede, men om du vil sjå film kan du lett søkje på youtube etter «butterfly / spatchcock chicken» og sjå ein av dei mange filmane som demonstrerar korleis ein enkelt gjer dette.

Når kyllingen er utbretta slik blir han jamnare steikt, og ikkje minst er det lettare å forsyne seg når middagen skal på bordet. Med nydelege smakar av timian og rosmarin i marinaden og ein skvis sitron over før servering er dette smakfull og herleg middag som gjer seg veldig godt som restemat dagen etter -og restemat det er min favoritt!

sommarfulg-kylling

Til 2-3 personar treng du:

  • 1 heil kylling (gjerne økologisk)
  • 1 ss olivenolje
  • 1 ts timian
  • 1 ts rosmarin
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1/2 sitron
  • 1 pastinakk
  • 2-3 søtpotet
  • 1-2 honning søtpotet (eller andre rotgrønsaker)
hvordan lage butterfly kylling klippe kylling kutte vekk ryggbein kylling dele opp kylling helstekt kylling

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 220 grader over- og undervarme.
  2. Fjern ryggbeinet på kyllingen som vist på bileta. Har du ei fjærkresaks nyttar du den, viss ikkje går det bra med ei vanleg saks og ein skarp kniv òg.
  3. Skyl kyllingen godt innvendig og utvendig og tørk den med kjøkkenpapir.
  4. Brett kyllingen flat med skinnsida opp og gni inn olje og krydder over det heile. Brett gjerne vingane under kyllingen som vist på siste biletet over.
  5. Legg kyllingen i ei eldfast form og set den midt i steikeomnen. La steike i 15-20 min.
  6. Skrell og del grønsakene i terningar.
  7. Ta ut kyllingen, senk temperaturen til 175 grader og ha grønsakene i forma rundt kyllingen.
  8. La steike i ca 50 min til. Kyllingen er ferdig når du stikk ein spiss kniv inn ved lårfestet og det kjem klar kjøttsaft (ikkje raud…) ut. Har du termometer skal det vise 75 grader, og det festar du også i lårfestet.
  9. Skvis over safta frå ein halv sitron og server med det samme.
spatchcock chicken

PS. Ta vare på ryggbeinet og skroget du får og kok nydeleg kyllingkraft som du kan nytte for å lage dei beste suppene.

sommerfugl-kylling

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.