Vekemeny 27
Vekemeny 27 er klar og sommarmodusen er påslått. Vi har hatt nokre dagar med fint vêr i veka som har gått og det gir meirsmak for meir sommarvarme og sommaraktivitetar. Då høyrer det med enkel og god sommarmat som anten kan lagast kjapt innandørs eller utandørs.
Ønskjer deg ei fin veke! Anten du har byrja på ferie eller ei.
Vekemeny 27
Mandag
Saltkokte poteter
Saltkokte poteter er ein nydeleg måte å servere småtpoteter eller nypoteter med tynt skal på. Perfekt tilbehør til grillmat eller som ein eigen liten rett på tapasbordet saman med aioli…. Fortsett å les »
Tysdag
Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter
Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter er den maten du treng når middagen må på bordet på under eit kvarter, og du har lyst på noko sunt og godt. Perfekt for… Fortsett å les »
Onsdag
Rekesuppe
Rekesuppe er absolutt best med reker som du reinskar sjølv, og det gjer du lett medan grønsakene kokar seg møre. Med god buljong i botnen får du gode smakar, som… Fortsett å les »
Torsdag
Spicy svinewok
Wok er verkeleg kvardagsmat. Raskt, enkelt og godt. Og så bøttevis med grønsaker innkludert! Det kan vel alle like? I denne versjonen har eg brukt svinefilet, som er skjært i… Fortsett å les »
Fredag
Risotto med kjøttdeig og tomat
Krema risotto er så godt, og så enkelt å like. Denne versjonen minner meg om det som heitte «Meksikansk gryte» frå min ungdom som var superpopulær å servere i større… Fortsett å les »
Laurdag
Tortilla med kyllingnuggets
Tortilla med kyllingnuggets er crispi og godt, og kan varierast slik at alle rundt bordet får sin favoritt. Eit must for min del er avokadodressing, men du kan gjerne bruke… Fortsett å les »
Søndag
Kyllingsuppe med nanbrød
Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar… Fortsett å les »
Noko godt
Raw brownies kuler
Når hverdagen atter er over oss er det tid for smarte og sunne snackvarianter når søtsuget etter feriens glade dager kommer. Disse raw brownies kulene smaker som brownies med krønsj,… Fortsett å les »
Brødmat
Speltbrød i langpanne
Speltbrød i langpanne blei veldig godt motteke her i heimen, og det er jo tipp-topp når det er eit brød som er enkelt å lage! Ein heilt vanleg ettermiddag eltast… Fortsett å les »
Vekas kake
Pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær
Pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær er laga på samme måte som den vanlege pavlovaen i langpanne, men har fått med nokre av mine favorittsmakar i tillegg. Sjokolade… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.